The Magic of Christmas
Christmas is not a season, it´s a feeling.
På julaften når du og dine samlast rundt juletreet. Ikkje gløym å vere takknemlig for alt du ser. Vi har det så godt. Vi er så heldige som kan nyte synet av barna som gleder seg med stjerner i blikket, at dei er så glade og spente, og vi kan virkelig kjenne på alt det vi gode vi har.
Desember er virkelig den finaste tida på året. Den følelsen man har i desember og førjulstida er ganske magisk. Det er familieaktivitetar, julebelysning og juleforberedelsar som gjer denne måneden ekstra fin. Pepperkakebaking med julemusikk er eit must.
Juletreet er min største favoritt når det gjeld julebelysning. Adventstaken og julestjerna i vinduet og julebelysning i varmt kvitt ute på husa er på ein god andreplass.
Og når juletreet pyntast er det eldstejenta som får æren av å sette stjerna til topps.
Eg sit i godstolen ved juletreet kvar dag i desember. Ein kopp kaffi, bekmørke utanfor og kun julebelysning og kanskje eit levande lys er tent. Familien er ikkje oppe endå, og eg nyter freden. Det er virkelig kvalitetstid for meg. Dei morgonane når eg er ferdig trent og nydusja, og kan plassere meg ved sidan av juletreet etter frokost med familien og dei er reist avgårde på sine «oppdrag», er og heilt spesielt. Med både god samvittighet og julefeeling sit eg der og bare nyter. Full pott det.
No er det kun 3 dagar igjen til jul. Dei siste lukene på julekalendaren skal åpnast, det store lyset med talla 1-24 er snart brent ned og gaver er allerede komt inn under juletreet og får ikkje ligge i fred fra nysgjerrige barnefingrar. Julematen handlast inn, gaver leverast, juleklemmer vekslast, julemusikken regjerer på kjøpesenteret, finklea leggast fram, og snøen kan hende kjem akkurat i tide. Og kanskje, kanskje kjem nissen og.
– MAKE IT A DECEMBER TO REMEMBER –