Veien ut av vonde tankar
For nokre av oss er styrketrening ikkje bare styrketrening. Det er noko av det beste vi har oppdaga i livet. En vei ut. Terapi. Ei redning. Eg skal prøve å forklare meg. For meg blei styrketrening veien ut av depresjon og overvekt. Det ga meg nytt håp. Ny glede. Eg sleit med å tørre meg utanfor dørene, fordi eg ikkje var den personen eg ønska å vere. Men eg kom meg på trening ein dag. Og nokre dager deretter igjen. Og slik fortsatte det. Fordi eg hadde bestilt timar hos personlig trenar. Det er her det heile startar. Mai 2012. Min første PT-time på Spenst Førde. Eg hadde fått med meg ei vennine og. Vi hadde bestilt oss duo-timar. Første timen var vi inne i ein sal, og hadde sirkeltrening. Eg følte meg som ein kvalross, og syntast det var veldig ok at vi hadde første treningsøkt inne i ein sal for oss sjølve. Vidare begynte vi med styrketrening på apparater, i tillegg til kondisjonstrening på mølle. Eg blei hekta. Hekta på den befriande treningsfølelsen og ettertreningsfølelsen.
Eg var akkurat ferdig med svangerskapspermisjon, og hadde alltid bebisen på slep. Eg og han trilla ofte heimefra ned til treningssenteret og heim igjen etter trening. Så eg fekk inn ca.1 time ekstra cardiotrening både før og etter trening på den måten.
Då eg og vennina mi var ferdig med duo-timane vår fortsatte eg på eige hand. Eg trena nesten kvar dag. Det blei for mykje etter 7 måneder, då eg vart gravid igjen, og eg fikk heilt nok. Eg hadde trent for hardt og for intenst, og kom meg ikkje tilbake på Spenst på lang tid. I det svangerskapet var eg derimot veldig glad i gå tur med musikk på ørene. Så det blei mange turer på fjellet, og der gikk eg og trakka heilt til minsten kom til verda, 3 veker før termin.
Når han kom til verda søkte eg meg inn på AFPT som personlig trenar-student. Eg hadde funne ein ny lidenskap, og det var trening og sunt kosthald. Eg har alltid likt fysisk aktivitet og sport, men det blei et altfor langt opphald i nokre år. Eg gikk 1 år på Idrettslinja på Sogndal Folkehøgskule da eg var 20, og der trena vi jo mykje. Med fokus på volleyball i sommerhalvåret og telemark i vinterhalvåret. For eit fantastisk år det var. Om du, eller nokre du kjenner vurderer folkehøgskule, ikkje tvil meir på det, bare gjør, det blir eit år du aldri vil gløyme. I veldig positiv forstand.
Eg har alltid likt volleyball, fotball og dans, både som barn og som ungdom. Men så blei eg visst voksen, møtte faren til mitt første barn, og voksenlivet med jobb og som mamma kom i veien? Det blei 10 år utan seriøs trening. 10 år! Fra alderen 20 til 30 år for meg gikk det mest i min lille familie, hus og jobb jobb jobb, derav fleire jobber på same tid, stasjonsmedarbeidar, aviskøyring på nattestid og butikksjef på skobutikk.
Men så blei det samlivsbrudd, flytting, trøstespising, ny kjæreste og kosemat.
Eg sleit med vekta og attpåtil blei eg gravid. Eg har aldri vore så tung som eg var i svangerskap nr.2. Men det var og då eg tok grep. Og det var etter han kom til verden, at eg tok mot til meg og reiste på Spenst for å trene. Og det var starten på et heilt anna liv. Det har tatt mange år å komme hit eg er no, men det gjør det og så verdt det. Dei som har falt ofte, og komt seg opp igjen, er sterkare enn dei som aldri har falt. Og eg har falt mange gonger.
IT AIN´T ABOUT HOW HARD YOU HIT: IT´S ABOUT HOW HARD YOU CAN GET HIT, AND KEEP MOVING FORWARD. IT´S HOW MUCH YOU CAN TAKE, AND KEEP MOVING FORWARD. THAT´S HOW WINNING IS DONE.
– Rocky Balboa
Eg er sterkare fordi eg måtte bli det, eg er smartare på grunn av mine feilgrep, eg er lykkeligare på grunn av tristheten eg tidlegare har kjent på, og eg er klokare på grunn av alt eg har lært.
Eg er overlykkelig over at eg har oppdaga styrketrening. Kvifor var det ingen som fortalte meg kva denne treningsformen kunne gjere for meg? Styrketrening gjør meg sterk. Ikkje bare utvendig, men og innvendig! Eg har skjønt at min kropp kan løfte tungt, og eg har funne veien ut av vonde tankar akkurat med hjelp av dette. Det er terapi når eg trenar. Eg er i mi eiga verd og har det eksepsjonelt bra når eg løftar. Og følelsen etterpå, den gjør deg til kongen på haugen og du føler deg uovervinnelig. Den følelsen håper eg alle får oppleve. Så kom deg ut og gjør noko du liker. Og for dei som ikkje har trent styrke før, prøv det. Prøv det nokre gonger. For du kan gå glipp av noko stort om du ikkje prøver. No forventar eg ikkje at alle skal like det, men finn då ein annan form for aktivitet. For deg sjølv.
Finn det som gjør at DU kan føle deg på toppen av verda!
For det er der du fortjener å vere. Og det er der vi bør sikte på å vere.
Skrevet av Anita Veberg.