Veke 11: BIKINIFITNESS

Never underestimate your power to transform yourself.

Etter 11 veker på bikinifitness-dietten føler eg meg rimeleg mykje betre enn for 11 veker sidan. Kanskje ikkje så rart.

IMG_5921

Og ikkje minst, eg klarer min einaste pullups. Den har eg klart i nokre veker allerede då, endeleg igjen då det er 1 år sidan sist eg klarte det, og etterkvart skal eg klare 2! Det har eg ALDRI klart før, så det gleder eg meg så til! Etterkvart som kroppen min blir lettare og eg blir sterkare, skal eg klare mange mange pullups. Så gøy å tenke på!

IMG_5301

IMG_5209

Resultatene etter veke 11 ser dere her:

Bryst: -0,4 cm

Midje: -0,8 cm

Mage: -0,7 cm

Hofte: -1,2 cm

Rumpe: -1,8 cm

Lår: -0,8 cm

Overarm: -0,1 cm

= -5,8 cm denne veka og totalt -41,2 cm!

Vekt: -1,8 kg denne veka og totalt 9,6 kg!

Vilt! Trur ikkje at eg kjem meg ned på -10 neste fredag, fordi kroppen min vil litt opp igjen før den går ned igjen, så er kanskje 2 veker til eg er der. Men wow. Er så glad eg heiv meg på dette eventyret.

  IMG_5151

IMG_5793

Vi feira bursdagene til eldste og minste i går, og det var en liten prøvelse å lage brownies og bløtkake her heime. Men det gjekk greit. Eg er dog glad for at det er lenge til neste gong. For eg likar ikkje å utsette meg for slike fristelsar. Eg kjenner meg sjølv godt nok til at bare ei lita smaksprøve kan trigge meg til at eg ikkje klarer å stå imot å ete meir. Eg nekter å la meg knekke, for sukker er faktisk min fiende, og den skal ikkje få knekke meg. Mange seier at ein skal ha balanse. Og ja, det er heilt sant og utruleg viktig. Smart å finne det som passar for seg sjølv. Eg ønsker ikkje å ete sukker om eg kan unngå det, då kosar eg meg heller med ein skikkelig god proteinbar, salte nøtter og sukkerfri brus. Utan sukkeret er energien betre, og sjølvtilliten, huda, søvnen osv.

Då eg hadde skikkelige fråtsekveldar på laurdagane før, hadde eg forferdelige mareritt same natt. Så ille at eg vakna i redsel med høg puls. Draumane var og så verkelege at eg trudde eg hadde vore våken. Når eg endeleg turte å bevege meg etter at eg hadde pressa meg ut av draumen, måtte eg slå på alt lys, stå opp eller iallefall lese litt eller kikke på mobilen. Sukkeret gjer til at hjernen min er på høygir. Det kan og vere andre grunner til at eg draumar så fælt, men sukkeret forverrer det iallefall meget.

IMG_5916

Etter at eg vart sukkerfri er desse nettene blitt mykje sjeldnare og eg får faktisk sove heile nettene. Når ikkje ein av barna har falsk krupp, er sjuke eller pumpa til jentungen min hyler ut ein alarm og den må skiftast midt på svarte natta då…;) Som alltid føler eg meg så veldig takknemlig for at eg har den jobben eg har, då eg kan ha dagar heime aleine eller med minsten der eg får lade opp, kvile meg når eg føler for det, sove om eg må, og lytte til kroppens behov. Alle trenger kviledagar, både når det gjeld trening og andre ting 🙂

Om det er fleire som slit med rare draumar, og som har studert dette litt, så er eg veldig interessert i å høyre om det. Eg har lest litt bøker om draumetolkning, men det er vanskeleg å forstå alt det rare og uverkelege som dukker opp i hjernen min når ein søv.

Og det var heilt tilfeldig at det var laurdag og mange skal kose seg med godteri og sukkerrike matvarer i dag, det var ikkje meininga å øydelegge ein laurdagsglede. Men det gjorde eg kanskje ikkje likevel.

Eg skal absolutt kose meg eg og, med sukkerfri brus, mandlar og eit skikkeleg godt måltid. Kanskje fortsette på ein serie på Netflix og ligge strak i sofaen og bare slappe av. Jobben min gjer til at det er vanskeleg å leggje frå seg data og mobil, fordi det er så givande og så gøy, men av og til er det utruleg godt å setje på flymodus og bare vere heilt offline.

Ha ein fantastisk fin laurdag, mine flotte venner der ute.

Instagram: ptanitaveberg

Snapchat: Neeten

Webshop: myaloevera.no/anitaveberg

Facebook: Personlig trener & FBO Anita Veberg