Veke 19: BIKINIFITNESS

«We build muscles. We build character. We grow stronger. We grow bolder. We push up. We push limits. We sweat. We laugh. We achieve. Together. Today, and everyday.» 

For eit resultat det blei i dag! Hurra 😀 Måler meg kvar fredag og i det siste har det stoppa litt opp, gått bittelitt opp og så ned igjen, og holdt på sånn. Så i dag var det ganske digg med litt skikkelige endringer. Dette kjem eg tilbake til. Først må eg fortelle om den magiske helga eg hadde i hovudstaden!

IMG_7080

Eg tok nattbussen fredag til lørdag til Oslo. Full buss. Det kom ein mann på i Lærdal som skulle heilt til Oslo. Kompisen hans satte seg på nærmaste setet over midtgangen. Sidan det var ein nattbuss forklarte bussjåføren så fint at ein skulle vise respekt for dei som skulle sove, slå av lyden på mobilen og bruke den minst mogleg. Vel. Han kompisen då. Han sovna. Men det var tydeligvis nokon som virkelig trengte å få tak i han. Så telefonen hans, den ringte. Lenge. Alle rundt han vakna i irritasjon. Ein tenkte jo at det skulle bare vare ei lita stund, at han skulle slå av lyden. Men han. Han sov. Og sov. Og sov. Og mobilen ringte. Og ringte endå meir. Er det virkelig mulig å ha eit sånt sovehjerte?! Til slutt måtte dei rundt han ta tak i han og vekke han, så han kunne slå av ringinga. Han gjorde til slutt det. Og sovna igjen. Mens vi andre stort sett var litt irriterte og fekk ikkje til å sovne igjen med ein gong. Framleis var det nokon som virkelig ville snakke med han her fyren. Så igjen begynte det å ringe. Heile bussen reagerte no. Utenom han her fyren. Igjen måtte han snakkast til og vekkast for å få noko reaksjon. Han slo til slutt av ringinga. Og sovna. Kva trur dere skjedde for 3.gong?! Er det virkelig mulig å ikkje forstå at ein kan slå av lyden?! Takk og pris for at det «kun» skjedde 3 gonger. Alle gode ting er 3?

Iallefall. Eg sov i maks 2 timer den natta. Etter ei fæl natt på bussen og 2 timer sittande på Oslo S var det fantastisk å møte ei så skjønn jente som Kristin i Team LA Lifestyle. Vi gikk saman for å møte fine Charlotte på hotellet der ho overnatta. Etter ein snik-kaffi på hotellfrokosten reiste vi til Ullern Trening der vi møtte resten av Team LA Lifestyle.

IMG_7007 IMG_7008

Du kan følge meg på Snapchat: Neeten og bikinifitnessteamet på Teamlalifestyle!

Lørdagen fekk vi innholdsrike foredrag, både i sosial kommunikasjon og økonomi. Vi fekk mykje info om NM i oktober der mange i teamet skal stille.

IMG_7045

IMG_7044

Cecilie Staude lærte oss om sosial kommunikasjon og sosiale medier.

 IMG_6993IMG_6991

Elin Reitan lærte oss om økonomisk helse og ga oss eit «treningsprogram» innenfor økonomi.

IMG_7012

Vibeke og Lene snakka om NM og viste oss litt poseringer.

Etter ein lang dag med foredrag, poseringstrening og gjennomgang av det nye treningsprogrammet var det utrulig godt å sjekke inn på hotellet og bare vere heilt for meg sjølv heile kvelden. Eg kjenner meg sjølv godt nok no til å vite at eg trenger aleinetid etter mykje sosial-tid 🙂

Eg sov på same hotell som eg budde på då eg og gode Merete tok personleg trenar-praksisen vår i 2 veker i juli 2014. Eg hugsar så godt at minsten min hadde sin første bursdag mens eg var der, og det var så innmari trist. Eg var på nippet til å bare reise heim, savnet etter mini var så uendelig stort og eg følte meg som ei mamma som svikta når eg ikkje var der på 1-årsdagen til Samson min. Men eg blei heldigvis overtalt til å bli. Eg trøsta meg med at han var så liten at han ikkje skjønte det, og vi hadde jo feira dagen hans før eg reiste. Det var jo tross alt bedre at det var hans første bursdag eg var borte, enn seinare fødselsdagar når han forstår meir og er eldre.

Eg gjekk ned på Meny for å handle mat, slik som eg og Merete så mange gonger gjorde 2 år tidlegare. Det gjorde godt å komme til ein kjent plass. Eg er ikkje så glad i farte rundt aleine når eg ikkje kjenner til plassen. Det er faktisk helt forferdelig synes eg.. Eg gjekk forresten ned 3 kg dei 2 vekene eg budde der på Skøyen i 2014. Eg hadde sukkerfri periode, trente jo kvar dag frå kl.9 til kl.17 på Driv Trening med PT-klassen og levde på kylling, egg, mager kesam og nøtter. Det var ei fornøgd jente som kom heim til Førde etter dei 2 praksis-vekene 😉 No i helga blei det istaden jordbær, cottage cheese og pepsi max, og eg kosa meg med det som lørdagssnack, såg på tv i senga og sovna tidleg. Skikkelig deilig opplading etter ein innholdsrik dag og den kjipe natta på bussen. Savnet etter barna er der alltid når eg er på tur, men det er stort sett kun helgeturer eg er på, og det går så fort uansett.

IMG_7025 IMG_7026

Søndagen møttes vi alle på Imageakademiet. Eg, Kristin og Charlotte møttes som dagen før og gjekk ilag, med tunge sekker, kaffi i handa, GPS og ikkje peiling på kor vi skulle. Men vi fant fram til slutt!

På Imageakademiet der flinke Emina og hennar assistentar viste oss, lærte oss og hjalp oss med både makeup og hårstyling. Lene Alexandra viste oss korleis vi skulle få volum og flotte krøller i håret. I tillegg så fekk vi boka «Vakker», så utrulig snilt av Imageakademiet og Emina!

IMG_7082

Etter dolling og finstasing var det tid for photoshoot.

IMG_7054  IMG_7052

Alle glitrande bikinier og freshe treningstøy blei funne fram og alle øvde på poseringer og såg fantastisk flotte ut med den flotte sminken og nydelige hårfrisyrer. Så mange strålande, vakre damer og ein teamspirit uten like. Wow, for eit bikinifitnessteam Team LA Lifestyle er. Vi føler vi allerede har vunne, slik vi vokser mentalt og samholdet vi kjenner på. Eg kjem til å bli så rørt når mange av desse jentene står på scena og skinner som dei solstrålene dei er. Og eg veit at våre kjære coach Lene Alexandra kjem til å vere så rørt og stolt når ho ser sine jenter stråle på scena i oktober. Og det har ho all grunn til.

IMG_7084 IMG_7078

IMG_7079

Etter mange timar på Imageakademiet reiste vi til Frognerparken. Der blei det endå meir photoshoot med poseringer og mange nysgjerrige folk som lurte på kva i hulaste det var som foregikk. Mange tok bilder og mange kjente nok igjen Lene Alexandra. Vi prøvde å få med folk på ei lita treningsøkt, men dei var pysete i Frognerparken. Det var varmt og mange likte nok å sjå desse spreke damene i sportstopper! 😉 Eg for min egen del er ikkje komt så langt i min mentale prosess enda, at eg turte å hive av meg den rosa treningsgenseren fra Zensah Norge, men kanskje eg ein dag kan slå meg så laus? Det er jo noko eg håper og trur eg skal få til ein gong.

IMG_7085

Fotograf Jørgen Orlin må vere verdens behageligaste og koseligaste fotograf!

Denne helga var heilt magisk, og eg er så glad for å få vere med på dette! Føler meg takknemlig kvar einaste dag for alt eg har. Og å vere så takknemlig, det gjer livet så uendelig godt.

IMG_7057

Lene, du stråler. Du har så mykje å vere stolt over. Alt du har oppnådd, gått gjennom tidlegare og at du no står sterkare enn nokon gong. Det er beundringsverdig. Vi er så glade for at vi får sjansen til å vere med på Team LA Lifestyle. Vi får så mykje meir enn kva andre fitness-team får. Dette er virkelig ein once in a lifetime-experience, og vi er så takknemlige. Takk for alt du gjør for oss, lærer oss og gir oss.


Over til dagens målinger da! 🙂

Bryst: -0,5 cm

Midje: -0,8 cm

Mage: -1,4 cm

Hofte: -1,5 cm

Rumpe: -2,0 cm

Lår: -0,0 cm

Arm: – 0,0 cm

Vekt: -1,0 kg.

12,1 kg har eg no gått ned siden eg starta med opplegget i april.

På cm har eg mista 59 cm totalt. Denne veka har det sluppe mykje, så det er jo ein digg følelse! Dette er bare så gøy!

Å leve sunt, aktivt og med så mykje spennande som skjer rundt meg heile tida, det er så fantastisk. Livet er fantastisk. Etter fleire år med lite sjølvtillit og å føle seg mindreverdig har eg skjønt kor viktig det er leve livet no! Vi må skjerpe oss! Vi har kun dette livet (mest sannsynlig), så gjør det beste du kan ut av det! Det er kun du som kan gjere ein endring. Start i dag.

IMG_7081

Snapchat: Neeten

Følg gjerne meg og min reise her.

Ønsker dere den mest vidunderlige fredag og GOD HELG! 🙂