Veke 25: BIKINIFITNESS

Discipline is the bridge between goals and accomplishment. 

Denne veka har vore fantastisk! Avslutta forrige veke bra med beinøkt + 40 minutter cardio søndagsmorgen. Då er det ikkje så vanskelig å starte mandagen bra heller. MEN eg kom meg ikkje opp når eg skulle for å rekke trening, men eg blei tidlig vekt av barna og fekk gjort mykje mandagsmorgen likevel. Så då blei mandag ein kviledag fra trening, med mindre karbohydrater til måltida.

img_0483

Forrige trening med min PT Ingvild lien fekk eg øve meg på å løfte på signal, då eg skal vere med på treningsstevne på Spenst Førde 2.juledag. Det blir sjukt spennande! Men eg gruer meg mest fordi det er ukjent. Og det som er så fint er at eg egentlig veit at det kjem til å bli kjempegøy, med adrenalinkick og tjohei-følelse! Det blir nok ein fenomenal dag full i gode følelser som eg kan ta med meg vidare inn i romjula og ut i nyeåret. Det eg løfter i knebøy, benkpress og markløft denne dagen, skal eg slå neste år, og  eg digger å ha konkrete mål å trene etter.

img_0506

I morgen er det julafta og då er eg vertinne på Teamfitsnap, så følg meg gjerne der for ei digg treningsøkt grytidleg på julemorgenen. Blir nok ikkje all verden snapping på sjølve julafta, men litt trening og litt mattips for ei sunnare julaften skal eg nok få til.

Ellers har kosthaldet vore suverent denne veka. Eg er glad eg har lært meg å bli meir disiplinert etter mange år med prøving og feiling. Man lærer så lenge man lever, og det finnast ikkje dårlege erfaringar, kun læringserfaringer. Det følast så godt å vere på rett spor og vite at eg gjer alt riktig for å komme dit eg vil. Gull verdt å ha Team LA Lifestyle i ryggen med dei fantastiske coachene og dei motiverte teamjentene!


Resultatene er så som så etter ein treg start, men eg er så glad for at eg klarer å holde meg unna all julegodis og overspising, og faktisk klare å gå ned i vekt i desember, istadenfor motsatt! Så eg er superfornøgd så lenge eg ikkje går opp i desember faktisk. Det følast veldig godt å vere på riktig vei igjen, sjølv om det går meir eller mindre sakte.

Etter veke 3 på diettstart nr.2 ser det slik ut:

Bryst: -0,0 cm (totalt sidan 1. des: -1,5 cm)

Midje: -1,0 cm (totalt -0,3 cm sidan eg har gått litt opp og ned i cm sidan start)

Arm: -0,1 cm (totalt -1,0 cm)

Mage: -0,5 cm (totalt -2,5 cm)

Hofte: -1,3 cm (totalt -2,5 cm)

Rumpe: +0,5 cm (totalt -1,5 cm)

Lår: -0,1 cm (totalt -1,5 cm)

Legg: -0,0 cm (totalt -1,0 cm)

Vekt: -0,8 kg (totalt sidan 1.des: -2,6 kg)

Hmmm, når eg ser vektnedgangen no, etter kun 3 veker, så er jo ikkje 2,6 kg ned i vekt så aller verst likevel. Men eg har litt å ta igjen fra dei 2 månedane eg ikkje var på diett, så har endå noko igjen.. Aldri slutt med hjelp og coach om du ikkje er klar for det. Eg var ikkje klar for å vere aleine om dette då forrige runde var ferdig. Etter vi hadde vore på NM i starten av oktober var det fritt fram, og eg slo meg litt for mykje laus. Dette har eg no lært av, og det er fra nedturane vi veks oss sterkare. Tenkte eg skulle skrive litt om min 2 måneders tabbe i eit seinare innlegg, kanskje eg får tid til det i jula. Greit å få det skrevet at meg før det nye året med blanke ark sparkast i gang! 🙂 2017 blir så bra!

img_0359

Ønsker dere ei fantastisk fin jul. Legg fra dere pc og mobil (utenom når dere skal forevige minner) og ver 100% tilstades med dine nære og kjære. Julafta er virkelig ein magisk dag, der alle er ekstra glade, følsomme og takknemlige, nyt den til det fulle. Vi snakkast i romjula vi.

img_0385

– GOD JUL –