Veke 27: BIKINIFITNESS – Let´s talk about habits!

Good habits are just as addictive as bad habits. But much more rewarding. 

Veke 5 saman med Bikiniakademiet, veke 27 på min egen bikinifitness-reise. Kom til å tenke på litt av mine vaner og korleis eg har forbedra dei over tid. Stod og laga meg ein proteinshake i går, og mens eg var på vei til frysen for å fryse den til ein milkshake kom eg til å tenke på at dette gjorde eg aldri før. Proteinpulver hadde eg ikkje engang. Skulle eg ha milkshake kjøpte eg Litago Milkshake på butikken. No kan eg ikkje tenke meg eit liv uten proteinpulver, haha. Rart, men sant. Eg tar alltid ein shake om kvelden om eg ser at eg har fått i meg for lite proteiner eller kalorier. Tidlegare tenkte eg ikkje over dette, og gjekk bare til sengs om eg ikkje var skrubbsvolten. Om eg var svolten var det vel noko superrask snacks å finne i skapet.

Cottage cheese då. Eg skjønte ikkje korleis nokon i det heile tatt kunne spise det greiene der. Etter mange forsøk der eg framleis ikkje skjønte det, var det bare bær og kalorifri sjokoladesaus som skulle til. Og vips, mitt daglege favorittmåltid er no cottage cheese. Saman med jordbær og blåbær, kalorifri sjokoladesaus og sukkerfri granola så klart 😉

Ellers andre måltid der eg tidlegare heiv i meg nokre brødskiver med smør og pålegg på. Å bruke havregryn til frokosten istaden følast mykje bedre. Eg lagar små havrebrød eller sjokoladegrøt med bær oppå. Det er så godt!

img_0924

Lørdagspizzaen og. Der bruker vi aldri ferdigkjøpt bunn lenger. Eg lager den alltid med havregryn og havremjøl og sunne ingrediensar. Det kan ikkje bare vere meg som får kjempegod samvittighet av å servere ein sunn, heimelaga pizza til barna, istaden for ein grandis eller pizza med ferdigkjøpt bunn?

img_9921

Grønsaker. Der har eg alltid vore dårleg. Og enda syns eg det er vanskelig. Eg hater å kutte opp frukt og grønt, det er gørrkjedelig! Så klart gjer eg det, men så sjeldan som mulig. Min beste løsning på dette har vore frosne grønsaker, fordi det går raskt å bare hive det opp i kokande vatn. Aloe vera ståande i kjøleskapet til einkvar tid har eg og, så eg bare kan ta nokre slurkar når eg er innom der og sniker. Eg er og veldig glad for at mine barn drikker aloe vera, så eg veit dei og får i seg godsakene. Ellers lagar eg grønne juicer, dei gongane eg gidder, og denne er kjempegod: Spinat, pære, eple, grønnkål og aloe vera. Mmmm, skikkelig vitaminbombe og søt og frisk, til og med barna digger denne.

img_7745 img_7839

Og når vi snakkar om aloe vera, eg blandar den dagleg ilag med Kreatin og Argi+. Kreatin er eit «muskelpulver» og Argi+ er eit pulver full i vitaminer og antioksidanter som lukter godteri og som smaker søte bær. Desse 3 kraftkomponentene blanda saman i ein shaker smakar fantastisk forfriskande etter ei stund i kjøleskap, og dette er ein vane eg tidlegare ikkje hadde.

Når eg stekte mat tidlegare brukte eg smør og olje. Der er det sjukt mange kalorier man ikkje tenker over. No steiker eg kjøtt i vatn, og når eg ikkje er på diett bruker eg Cocosa, som er ein sunnare variant av olje.

Eg drikk alltid eit glas vatn når eg står opp, og har ofte drikkeflaska mi med meg i stua, så eg husker å drikke mens eg jobber heimefra. Så glad for at eg har blitt flinkare på å få i meg vatn. Eg drikk ikkje saft lenger, og mykje mindre brus enn tidlegare.

Eg legger meg tidleg og står opp tidleg. Så klart er det ikkje alltid det går etter planen, men stort sett. Tips til å stå opp tidlegare: Endre det første spørsmålet du stiller deg når du våkner. Der du før spurte deg sjølv om du kunne ligge 5 minutt til, spør du no kva du gleder deg til i dag. Om du ikkje gleder deg til noko, må du endre noko i livet ditt, sånn heilt seriøst, då må du gjere noko no! Om du i tillegg tenker på eit mål du har satt deg og du setter livet i perspektiv, vil du kanskje vere 20% lettare i hodet. Mykje enklare å stå opp då. Du kan og begynne med å våkne litt og litt tidlegare. Om du står opp kl.08.00 no, kan du i morgon stå opp 07.50. Dagen etter 07.40. Heilt du kjem til kl.06.00 om det er då du egentlig ønsker å stå opp. Når du kjem dit må du jobbe for å halde den vanen. Er du klar over kor mykje du kan få gjort på dei 2 timane? Både mat- og nistelaging, lese bok og jobbe med din mindset, du kan ha ein morgenrutine med meditasjon og musikk, du kan gå ein tur eller stikke på trening, du kan sette på litt klesvask eller bare drikke kaffe og nyte stillheten.

Når vi snakkar om klesvask. Eg har alltid hatt store fjell som eg må ta meg av ein gong i veka. Spesielt etter at vi blei 5 i familien. Men no har eg begynt med å sette på ei maskin kvar einaste dag. Den henger eg opp, og då bretter eg saman alt fra dagen før, og legger det på plass. Det tar meg ikkje lang tid, og eg slipper å sjå fjell av klede og ha eit stappa vaskerom. Elsker den løsningen. Kun 1 vask om dagen.

Ellers liker eg mi nye vane med å lese. Eg leser bøker kvar dag, mest om personleg utvikling og mitt yrke som er network marketing. Minst 10 minutter dagleg, men blir oftast meir enn det. Eg utviklast kvar dag og eg elsker det.

IMG_3946

Motivasjon finn eg og kvar dag. Eg treng det både i form av trening og sunn livsstil, og det at eg jobber heimefra og må vere disiplinert. Det hjelper veldig å sette av 10-30 minutt kvar morgen med å sjå motivasjonvideoar. Då blir eg minna på måla mine, det eg ønsker å oppnå, og av og til kjenner eg det så innmari godt inni meg at eg blir rørt. Eg veit kor eg skal. Og eg elsker det.

Skal eg vite kor eg skal i livet, må eg planlegge, sette meg mål og sjå framover i tid. Og det har eg blitt ekstremt god på etter at eg vart sjølvstendig næringsdrivande med network marketing i ryggen. Personleg utvikling på høgt plan. Og i den samanheng bruker eg årsplaner, dagbøker, notatbøker. Elsker å skrive, drømme, planlegge, sette mål, krysse ut, streke under, lage lister osv.

img_0953

Kvar dag skriv eg kva eg skal gjere den dagen, iallefall det som er viktigast og eg må stryke ut i løpet av dagen. Det lærte eg i oktober via eit online kurs i jobben, der eg skriv ned alt eg skal gjere NOW, SOON og LATER. Det hjelper meg å gjere det viktigaste først, og det eg kan utsetje skriv eg opp på «seinare». Ofte skriv eg dagar istaden, slik som i dag har eg lørdag, søndag og mandag, og dei gjeremåla eg har desse dagane. No i helga er det ikkje mykje, det blir mest kvalitetstid med familien, men noko jobbplaner har eg så klart. Klarer ikkje holde fingrane unna, når det er blitt mitt livsverk og noko som hjelper meg og min familie mot den framtida vi ønsker og drømmer om.

 IMG_7340 IMG_7343

Men no då, over til mi forrige veke på bikinifitness. Begynt å komme meg tilbake i dei gode rutinane. Desember var vanskeleg for meg, men no kjenner eg meg meir motivert igjen og det var på tide. Eg har holdt meg til kosthaldet og gjekk ned 2,6 kg på 4 dagar. Wow. Det var nok mykje vatn som skulle bort ja. Eg følger bikinifitness-dietten, men i tillegg til den tar eg jo alle kosttilskudda mine, inkludert aloe vera og Argi+, som og hjelper meg mykje. Ja, det og er jo ein vane. Kosttilskudda eg tar kvar dag. Eg tar både omega3, urtetablettar, kalsium/magnesium med meir. Desse får eg fra min egen butikk, what a joy! Gjer meg ikkje noko å gå tom, når eg alltid har på lageret mitt og eg sparer og tjener(!) penger ved å handle hos meg sjølv!

img_0879

img_7265


Tenker ofte på at det er så langt unna. Den bikinifitnesskroppen. Men så kjem eg på at det er så mange suksesshistorier der ute. Så mange før meg som har klart det. Kvifor skal ikkje det vere meg og?! Alt sitter i hodet. ALT. Alle vaner du har, alle valg du tar. Uansett kva du vil gjere for å bli ein bedre versjon av deg sjølv, så må vanene bli bedre. Kanskje du fekk nokre tips i dette innlegget du og kan bruke etterkvart?

Eg ønsker dere med dette den mest deilige lørdag, og eg er så glad for dere alle leserane mine. Eg ser kor mange som er innom kvar dag, og det nærmer seg eit fint, rundt tall. Eg setter så pris på dere som lar meg få vite at dere leser, det gir meg meining og glede. Tusen takk.

Spør meg om du lurer på noko 🙂