Veke 30: BIKINIFITNESS – Eg måtte restarte alt
The master has failed more times than the beginner has even tried.
Eg brukte nokre dagar tidlegare på å finne ut av kvifor eg måtte, kvifor eg ville og kva som måtte til for at eg skulle klare det. Korleis eg kunne komme tilbake til den eg var under første bikinifitnessperiode. Eg holder på med eit kurs as we speak angåande mindset shift og dag 3 på dette kurset var dagen eg virkelig bestemte meg for at no skulle det skje. Eg måtte svare på spørsmål som ga meg tårer i augene og når eg då skreiv ned svara mine visste eg at «This is it». Man veit ofte at sånn og sånn er det, men det må ein annan til å fortelle deg det og du må tenke nytt på det for å faktisk skjønne det. Det gjekk opp eit lys for meg.
Så denne veka med bikinifitness måtte eg eit stykke utanfor dietten. For å starte på nytt.
Det er mange meiningar om faste er godt for oss eller ikkje. Eg forstår alles meining, og forstår at mange ikkje meiner at man skal «sulte» seg. Min meining er at kroppen har godt av kvile. Kroppen har godt av å reaktivere seg. Vi hiver i oss all slags mat kvar dag, kvifor skal ikkje systemet få seg pause og ein restart? Dette er dog min meining, og for meg var det virkelig det som måtte til no. Eg klarte ikkje å komme meg tilbake i det sporet eg ville uten å jumpstarte alt. Det er uansett kun dei 2 første dagane eg fastar, med mykje vatn, ein proteinshake og litt frukt og grønt om nødvendig, og dei resterande 7 dagane spiser eg meir mat, blant anna sunne middager fra bunn og proteinshakes.
Så here it goes: Mine 9 dagar med ein total jumpstart!
DAG 1:
Første dag gjekk overraskande bra. Eg kjente ikkje på svolten så altfor mange gonger, og når eg gjorde det hjalp det å drikke vatn. Vatn er det viktigaste under faste, for det hjelper på metthetsfølelsen, du hindrer den verste hodepinen og du hjelper systemet i kroppen å vaske ut «driten». Eg tok ei håndfull med blåbær mens minsten, som var heime med feber, hadde yoghurt og druer til mellommåltid. Til lunsj hadde vi milkshake. Det er proteinpulver (eg bruker Forever Ultra Vanilla og/eller Chocolate) saman med melk (eg bruker Alpro kokosmelk), blanda saman i ein shaker og i frysen i 30 minutt. Resten av dagen drakk eg mykje vatn og klarte meg greit med det. Tok meg 5 valnøtter, som ikkje står på frilista, for ja det er ei fri liste over frukt og grønt man kan benytte og, men eg veit at nøtter er meget sunt og fett forbrenner fett, så kun 5 stk unna eg meg. Det er veldig mykje kalorier i nøtter, så der må man begrense seg. La meg kl.20.30 denne dagen, og det gjorde meget godt å få sove i 9 timar.
DAG 2:
Våkna i meget redusert tilstand. Influensatendensar samtidig som man skal faste er vel ikkje akkurat ideelt, men eg var fast bestemt på å gjennomføre det eg no hadde begynt på! Endelig var eg skikkelig motivert igjen for å komme meg tilbake der eg var nokre måneder tilbake, og eg visste at dette ville få meg tilbake dit. Så eg skulle stå løpet ut, uansett kor sjuk eg vart. Eg starta dagen med eit stort glass vatn og kosttilskudd. Eg og minsten delte ein mandarin rundt lunsjtider. Han likar jo å dele, og eg tok gladelig imot noko å tygge på. Til lunsj hadde eg min faste sunnhetsbombe, som er ei forfriskande blanding av Aloe Vera Gel, Argi+, Forever Fiber, Kreatin, vatn og isbitar. Denne er kjempegod, og er eit dagleg høgdepunkt, sidan eg ikkje drikk saft eller brus i vekedagane (og ikkje under C9 iallefall). Litt seinare på dagen laga eg vår grønne juice. Den er veldig populær hos oss. I dag hadde vi lite grønt i kjøleskapet, men det blei no eit glas juice til oss. Denne er laga av 1 eple, 1 pære og 1/2 grønkålpakke. Dette kan man og lage seg under C9. Rask næring som går rett inn i cellene i kroppen! Ellers gjekk dag 2 kjempefint. Eg følte eg hadde mykje meir overskudd enn på dag 1, sjølv om eg var sjuk, og eg var overraskende lite svolten. Eg drakk min sjokoladeshake til kveldsmat, og hadde heller ingen problemer med å hjelpe barna å spise middagen sin denne dagen. Då eg la meg hadde ein skikkelig god følelse av mestring og ein følelse av at «Eg har gjeninntatt kontrollen over kroppen min!» Det er ein innmari fin følelse det! Men fekk eg sove då? Nei, eg var lys våken og full i overskudd, tross sjukdom! Eg la meg ikkje får 01.30, men klarte ikkje å sovne, stod opp igjen 02.30, gjekk ned i stua og las litt, og sovna heldigvis då eg prøvde igjen 03.30.
DAG 3:
Blei vekt av mellomstemann kl.06.30 og følte ikkje at det var noko problem å stå opp, sjølv om eg kun hadde hatt augene lukka i 3 timar. Eg starta dagen med ein iskald milkshake. I dag var det på tide med mat igjen, skikkelig mat, og etter nokre timar med mykje vatninntak og meir svoltfølelse enn dagen før, fekk eg lage middag. Kyllingfilet i stekepose, båtpoteter med det beste krydderet og grønsaker. Det smakte heilt nydelig, og det var utrulig godt å tygge litt igjen. Dog føltes det som om at eg kunne klart å fasta meir, fordi eg var så godt inne i det, men nei, eg følger programmet for å få best resultat, og eg ville ha mat, mat, mat. Kom meg ut på ein halvtimes gåtur med huskyjenta, men det var kaldt og eg kjente at eg virkelig ikkje var frisk endå. Det hjalp ikkje å vere ute i regn og vind iallefall. Heile resten av dagen bråka og romsterte det i magen, det skjedde virkelig ting der inne, systemet fikk drahjelp etter eg hadde rørt kroppen litt. Avslutta dagen med milkshake nr.2, ein handfull nøtter og ein dokumentar på Netflix.
DAG 4:
Framleis sjuk. Og i dag var det mellomstemann sin tur å vere heime med feber, så det var mange rolige dagar i starten av min restart, det er heilt sikkert. Våkna svolten, men drakk eit stort glas vatn, som alltid hjelper godt på. Det å starte dagen med vatn gir kroppen ein innvendig vask etter natta før man skal spise seg gjennom dagen. Så eg prøver alltid starte kvar dag med eit stort glas vatn. Tok meg min faste milkshake kl.10.00. Blir bare meir og meir glad i den gode måltidserstattaren, og går ikkje ein einaste dag utan. Den faller alltid i smak hos barna og mellomstemann var storfornøgd med sjokolademelk. Etter mange timar med kun vatn å drikke, det er rart kor enkelt det følast å gå utan mat etterkvart, blei det middagstid. Familien fekk lasagne, eg tok karbonadedeig, salat og speltlomper. Sidan eg var sjuk, blei det ingen trening. Til kveldskos hadde eg ein proteinshake, jordbær og usalta nøtter. Ingen problem med ein jumpstart mot meir kontroll over hodet når man kan kose seg med digg snacks. Men kor vart søtsuget av? Eg hadde enorme cravings rett før eg starta opplegget! Men det forsvant straks eg starta. For det første: Eg hadde bestemt meg! Det er då det skjer ting. For det andre: Aloe Vera Gel (den gule dunken), Forever Lean (kromtabletter) og Forever Fiber (pulver som blandast i drikke eller strøs over mat) har gjort til at cravingsene bare forsvann! Kvar for seg er alle desse 3 produkta gode til dette, men saman? It´s the bomb!! Eg vil aldri slutte på den komboen der! 🙂
DAG 5:
Det første eg kjente på når eg våkna i dag var den grusomme tettheten i hodet, hals og bryst som eg har hatt nesten heile denne veka. Influensa er ikkje bare bare når man skal endre livsstil og vaner samtidig. Men eg lar meg ikkje knekkast, ikkje denne gongen. Eg skal stå løpet ut. Starta dagen med 2 store glas vatn. I dag var begge gutane heime på grunn av planleggingsdag i barnehagen. Vi kosa oss med taco til middag og eg hadde min faste proteinshake, bær og nøtter til kveldskos.
DAG 6:
På Dag 1, 3, 6 og 9 skal man vege og måle seg. Det var utrulig kjekke resultat denne dagen! 2,2 kg ned og -11 cm er superbra på 6 dagar. Juhu! Det gav stor motivasjon for vidare reboost. Dag 6 var lørdag og vi hadde pizza til middag. Pizzaen min er sunn, så det eg gjorde var å bare ha mykje mindre ost der eg skulle forsyne meg. Ost er meget kaloririkt, så eg spiser lite av det uansett. Her er oppskrift på pizzaen.
DAG 7:
Søndag og sjuka satt godt i. Fikk lufta meg litt ute i hagen med barna, men ellers holdt eg sofaen. Det fine med denne kickstarten er jo at eg ikkje trengte å lage så masse mat til kvar dag, det var liksom så enkelt. Kun 2 shaker per dag og middag. Easy peasy.
DAG 8:
Framleis sjuk, men alle dagar slår fredagen, for den var grusom. I dag blei det milkshake til frokost og kveldsmat, og middagen blei kylling og søtpotetfries.
DAG 9:
Yeai! Siste dag og resultatene snakker for seg sjølv! Totalt 3 kg ned og minus 13 cm! På 9 dagar! Det er sjukt! Slikt motiverer!
Når man syntes at alt var vanskelig og ikkje kunne forstå korleis man skulle komme tilbake i riktig spor, er det ein slik jumpstart som virkelig får ein til å bli motivert igjen! Det viktigaste etter ein slik reboost er at man holder på dei gode vanene man har klart å danne seg. Det kan vere ut å gå tur (det blei det lite av for meg, med tanke på influensa), man drikker meir vatn, spiser reinare og sunnare mat, man har lært seg sjølvkontroll og tatt kontroll over eige hode, man har klart å bli motivert av seg sjølv og man ønsker at det skal forsette slik. Ikkje fall av lasset når du har vore så flink i 9 dagar. Og om det skulle skje, så finnast det alltids ein ny reboost 🙂
Desse 9 dagane fåes rett og slett i ein boks med produkter, der det einaste eg trengte i tillegg var matvarene til middager og melk/vatn til proteinshakene. Det er med måleband og eit hefte fullt i motivasjon, tips, oppskrifter, steder å hake av etterkvart, krysse ut, skrive for kvar dag, mål og vekt osv.
No er eg så klar for å fortsette på bikinifitnessdietten! Dette gav meg virkelig den motivasjonen og boosten eg trengte for å komme meg back on track. Hurra!! Men som eg skreiv HER kjem eg ikkje til å presse meg for hardt, slik at eg faller av igjen, men gjere som best eg kan, ha det gøy, skeie ut om eg «må» og prøve meg fram! Eg gleder meg til å bli enda meir kjent med meg sjølv 🙂
For meir informasjon om dette opplegget kan du kontakte meg HER eller på mail ptanitaveberg@hotmail.com.