Veke 9 & 10: BIKINIFITNESS

A healthy lifestyle not only changes your body, it changes your mind, your attitude and your mood. 

Vi er allerede inne i veke 11 med bikinifit-programmet, og hey kor det går! Eg skal ta eit raskt sammensurium av dei 2 forrige vekene som gjekk, altså veke 9 og 10.

Veke 10 starta eg ved å ta ny pers i markløft, noko som er jo ein veldig kjekk start på veka. Eg har valgt å legge mitt fokus på markløft, sida eg har lagt min elsk på den øvelsen. På benkpress har eg eit stykke å gå, og knebøyen jobber eg jo og med, og eg trur eg snart skal klare å løfte 100 kg i bøy. Ellers går det i treningsprogrammet fra Lene Alexandra, underkropp-dagane er deilig grusomme, medan overkropp er bare supergøy! Og ettertreningsfølelsen er så digg at man skulle jo trent kvar einaste dag bare for den følelsen.

Resultatene i desse 2  vekene var litt opp på vekta og nokre stader i veke 9, men så falt det av igjen + endå litt til i veke 10. Det er visst slik kroppen min fungerer kan det virke som, den mister mykje ei veke, og bruker då ei ny veke på å bygge seg litt opp igjen, og så neste veke faller det av igjen og endå litt meir. Den stabiliserer seg egentlig, mens den går litt opp og ned. Synast det er heilt fint. Elsker denne prosessen og elsker at det går så bra som det gjer.

*****

Ellers gjekk veke 9 og 10 i den same maten som eg har hatt dei siste vekene. Havrebrød, laks, taco. For å nevne noko. Fram til eg reiste på det årlege, store jobbeventet på kontoret vårt for heile Skandinavia (Slottet som vi kallar det, for ja, det er eit gamalt slott).

 IMG_5491

Medan eg var på Summerparty og camping i Sverige torsdag- søndag blei det boksemat på meg. Laks og poteter i boks. Spekeskinke m/speltlomper og poteter i boks. Nøtter. Shakes. Det var så lettvint og greit. Det er utrulig godt å slippe å tenke på kva eg har lyst på, kva eg skal lage meg til mat, kva eg kunne tenke meg. For det var akkurat det eg gjorde før eg starta med dietten. Eg tenkte på mat døgnet rundt! Så travelt! Einaste gongen eg ikkje tenkte på mat var om eg var stappmett etter eit måltid. Eg er eit matvrak. Så for meg er det ein lettelse å kunne bare lage meg mat, putte det i bokser, og vite at eg ikkje skal ha i meg noko anna enn akkurat det som er i dei boksane. Enkelt!

IMG_5315  IMG_5334

Og sjølv om eg kunne absolutt tenke meg å smake på det eg craver etter mest, som eg kjøpte til min mamma i Sverige, så gjer eg det absolutt ikkje. Bare fordi. Mamma fikk yoghurttrekte jordbær og anna naturgodis fra Maximat på Nordby. Ho var så snill å passe rakkerungane våre medan vi var på jobbfest/campingtur, så det fortjente ho verkeleg 😉 Eg veit ikkje heilt kva eg skulle gjort utan min mamma eg. Du er gull du! PS. Har ganske lyst på ein slik ein Trippel Royal is og, med tredobbelt lag med karamell og sjokolade, og vaniljeis inni. OMG. Men eg klarer meg fint utan.

IMG_5691

I tillegg til handling på Maximat var ein av hovudattraksjonane på Nordby sjølvsagt Bodypower. Der fekk eg kjøpt dei herlege sukkerfrie sausene frå Walden Farms. Med sjokolade. Og karamell. Og Cæsardressing til salater. Og nokre boksar med Celsius kjøpte eg med meg og.

IMG_5690

Tonnevis med Quest og andre proteinbarer! Ein ørliten lengsel etter slike, men likevel går det så bra.

Denne turen over til Sverige gjorde til at eg utsatte meg sjølv for fristelsar eg fram til no har holdt meg unna, men det gjer utruleg godt å bare la vere å kjøpe. La vere å ete det.. Bare fordi eg har bestemt meg. Og då føler eg meg flink då. Mestring.

Det var kjempedeilig å komme heim og ete fersk mat igjen, etter dager med boksemat. Eg har forresten endeleg lært meg å like cottage cheese! Det smakte N.Y.D.E.L.I.G med bær og sukkerfri saus! Trudde aldri eg skulle få til å like det, men jammen går alt når man bare prøver mange nok ganger! 🙂

 IMG_5755

No er vi godt i gang med veke 11 som tidlegare nevnt, og livet smiler. Det blir bare bedre og bedre. #LIVETALTSÅ

Følg meg svært gjerne på Snapchat: Neeten for å følge meg bak kulissane

og på Instagram for å få matinspirasjon + litt til: ptanitaveberg

Take care and be happy!