What doesn’t kill you, makes you stronger

Tidlegare visste eg nesten ikkje kva personleg utvikling var for noko. Kva låg det i orda personleg utvikling? Vel, det tok meg ikkje lang tid som grunder og entreprenør under paraplyen Forever Living Products å forstå det. Og no jobbar eg kvar einaste dag med å utvikle meg på det personlege plan. Det treng ikkje ta lang tid heller. Ein videosnutt kvar morgon eller lese nokre få sider i ei bok om kvelden.

 IMG_8355

Den absolutt aller beste måten å vokse personleg på er å våge! Å tørre! Det å gå ut av mi komfortsone aukar min sjølvtillit og difor gjer det meg så mykje sterkare på det indre plan. Og dei siste åra har eg gjort dette mange gongar, og sjølvtilliten min har auka deretter. I fra å vere ei usikker jente med mange draumar, men ingen vei å gå i livet, til å no planlegge mine draumar i detalj, vite korleis eg skal bli sterkare, kva eg må gjere for å nå dit eg vil og utfordre meg sjølv gong på gong! Eg fant veien for å nå mine draumar, og kanskje fordi eg har forstått kva dette kunne gi meg, har eg og fått ein viss suksess. Det fantastiske er jo at dette bare er starten!

 IMG_4891

Eg trur det heile starta då eg bestod personleg trenar-eksamen. Då beviste eg for meg sjølv at eg klarte noko eg hadde hatt på ønskelista så lenge. Eg hadde endeleg ei utdanning, og til og med innanfor noko som var ubegripelig eit par år tidlegare då eg sat heime med angst for å i det heile tatt gå ut og med for mange kilo på kroppen. Og det er nok av dei kiloane der endå, men for eit mykje betre liv med meining og «purpose» eg har! Etter mange nedturer kjem faktisk oppturane. Men vi må vere lei nok av livet vi allerede lever, vi må vere klare for endring for å utføre endringane. Uansett kor mykje viljestyrke vi har, må vi vere klare, ellers har ikkje viljestyrken noko å stille opp med.

  IMG_8590

For meg var endringen livsnødvendig og soleklar. Eg måtte gjere noko for å få eit gladere liv. Då eg endeleg klarte PT-utdanninga vaks eg nok 10 hakk innvendig og det forsvant minst 10 kg fra skuldrane mentalt sett. Etter eg fekk diplomen min om Sertifisert Personleg Trenar frå AFPT var eg ustoppeleg. På vegen, medan eg tok denne utdanninga, dukka min livs sjanse opp. Ein sjanse for å få eit bedre liv for meg og min familie. Ein sjanse for å kunne hjelpe andre og meg sjølv og mine samtidig. Ein sjanse for å kunne oppleve og reise meir. Det som no er blitt min jobb, men og min store lidenskap ved sidan av trening og kosthald.

IMG_8265

Då eg starta bedrifta mi var planen PT-timar og kostplaner. Mitt største ønske var å jobbe heimefra, slippe å sitte stuck på ein arbeidsplass 37,5 timar i veka, og eg ville så gjerne bestemme tida mi sjølv. Eg slutta i jobben min på sjukehuset og skulle satse som PT. Men då eg fekk startboksen min fra Forever på døra, falt eg så pladask. I den boksen såg eg mulighetane eg ikkje trudde fantes.

  IMG_8257

Etter å ha vore ein del av Forever i snart 2 år, er det å vokse seg sterk innvendig noko av det aller, aller beste. Vi kan gjere så mykje meir med livene våre om vi bare våger å utfordre oss sjølve! Eg har sjølv skjønt at uansett kor mykje eg gruer meg til noko, og sjølv kor forbaska hardt og tøft livet kan vise seg å vere nokre gonger, så blir eg sterkare av det som ikkje drep meg.

IMG_4889

Spør meg gjerne om hjelp, og eg tipser deg gjerne om bøker og videoer du burde få med deg og! 🙂

– BE BOLD ENOUGH TO USE YOUR VOICE,

BRAVE ENOUGH TO LISTEN TO YOUR HEART,

AND STRONG ENOUGH TO LIVE THE LIFE YOU’VE ALWAYS IMAGINED –

Snapchat: Neeten