«Det er jo ikkje meir igjen av deg!»

Som eg elska slike kommentarar! Før eg forstod.

 

Eg er nok nummer 1 i jojoslanking, og dei gongane eg har mista mykje vekt, har dei «positive» kommentarene komt haglande.

«Oi, du har tatt av!»

 

«WOW, så fin du er!»

 

«Kva har du gjort!? Du ser fantastisk ut!»

 

«Det er jo ikkje meir igjen av deg!»

 

Som eg slukte desse tilbakemeldingane! Eg digga det!

 

Lite visste dei som komplimenterte den nye kroppen min at det var spiseforstyrrelsen som hadde tatt overhånd..

 

*****

 

Lite veit dei no om at eg kjemper endå ein vanvittig kamp.

 

Lite veit dei at spiseforstyrrelsen alltid kjem til å ligge i undergrunnen. At den kan komme i bakhåndsangrep heilt plutselig.

 

Det at eg no er tyngre igjen betyr at eg prøver å kjempe den onde demonen som spiseforstyrrelsen er.

 

Eg kjempar ein kamp. Ein kamp mot å overspise. Ein kamp mot å kaste opp maten igjen.

 

Ein kamp for å faktisk akseptere meg sjølv som eg er, uansett korleis kroppen ser ut.

 

Uansett tjukk eller tynn, eg er faktisk like mykje verdt.

 

*****

 

Uansett om eg går ned i vekt igjen seinare, eller om eg forblir «tung» som no:

 

Eg ber deg. Ikkje kommenter kroppen min. Den definerer meg ikkje.

 

Kommenter heller det du liker med den personen eg er.

 

 

Takk 🙂 

 

 

 

Klem frå Anita