Det motsatte av kroppspress

er egentlig kroppspress?!

Når du får store auge når du ser vennina di som har slanka seg og du forteller ho at ho no ser fantastisk ut, vil du påstå at dette er bare eit fint kompliment til vennina di, som har jobba hardt for å gå ned i vekt? Eller er det faktisk ein form for kroppspress?

Når du høyrer ei tenåringsjente seie til ei anna jente i garderoben, medan andre jenter høyrer det; «Eg kunne ønske eg hadde «thigh gap» (avstand mellom innside år), slik som du.», er dette kroppspress? Ville ikkje dei fleste andre jentene vurdere seg sjølv og sjekke om dei har thigh gap? Og om dei ikkje har det, ville mange av dei truleg bli endå meir usikre på seg sjølv, og kanskje prøve å endre kroppen sin for å få denne lille avstanden mellom låra?

Unge menneske er lettpåvirkelige, og dei samanliknar seg sjølv med andre døgnet rundt. Eg gjorde det sjølv når eg var ung, og eg er glad eg har fleire år på baken no, for å seie det sånn. Og for å vere heilt klar på dette: Eg har vore tynn før, og eg har ALDRI hatt avstand mellom låra! Bare så det er sagt. Uansett kor tynn ein blir, er det ikkje sikkert avstanden dukker opp. Vi er bygd på forskjellige måtar, og kropper er og skal vere ulike.

Kroppspress er «opplevelsen av at kroppen skal se ut på helt bestemte måter», i følge Norsk Psykolog Forening. Når vi får mange komplimenter for ein viss måte å sjå ut på, vil ikkje det vere ein slags form for kroppspress??

Kva om vi (som eg har skreve om før) prøver å gå foran som eit godt eksempel. Der vi slutter å kommentere andre sine kroppar. Der vi gir kompliment for korleis den personen ER, ikkje korleis han eller ho ser ut. Det er så mange personar der ute som er verdens hyggeligaste, kulaste og morsomste, og dei er jo det uansett korleis dei ser ut på utsida!

Du føler kanskje ikkje det er kroppspress du driver med når du roser ein bekjent for å ha gått ned i vekt. Men kva med dei rundt som høyrte komplimentet? Føler kanskje dei på det? Og den du overøser med kompliment for å ha gått ned nokre kilo, vil ikkje det trigge dei til å gjere det meir, eller at dei føler seg meir verdt no enn før, kun fordi dei gjekk ned i vekt?

Trudde du kanskje kroppspress er ein ting og kompliment til andre for kroppane deira er ein anna ting? Er kroppspress og kompliment det motsatte, eller egentlig noko av det samme? Eg vil påsta at kompliment (for utsjånaden) ER kroppspress, så det du trudde var det motsatte av kroppspress, er faktisk akkurat det; Kroppspress.

Tygg litt på den.

Klem fra Anita