Ei sunnare jul

Korleis komme seg gjennom jula på ein litt sunnare måte? Jula treng ikkje kun å vere feit julemat, julesjokolade og late dagar med familien foran juleprogrammet på tven. Jula treng ikkje kun å vere konfekt, riskrem og julebrus.

Jula kan gjennomførast på ein sunnare og meir helsebringande måte, iallefall ein litt bedre måte enn mange gjer den. Små triks og tips som kan gi deg litt bedre samvittighet i jula, utan at det går ut over julekos og julestemning. I dag er det bittelillejulaften og derfor vil eg dele nokre slike små tips med dere for årets julefeiring i dag.

img_0595

  • Planlegg dagane. Sett opp øktene du skal ha, og planlegg gjerne dei fleste måltider.
  • Ikkje dropp treningsøktene dine og gir dei gjerne opp eit ekstra hakk når du er på trening.
  • Drikk vatn før måltid og spis grønnsaker før du hugger tenna i ribba.
  • Gjer noko morsomt før måltidet. Få alle til å reise seg og ta 10 knebøy før dere setter dere tilbords og på den måten løys opp stemninga og le saman. img_0596
  • Leik med barna dine, gå tur med familien, hold alle aktive i jula og sørg for frisk luft og aktiv leik.
  • Drikk brus og anna drikke med lavere kaloriinnhald. Det finnast like mykje god brus utan sukker, og drikk mindre alkohol. Spesielt når barna er rundt bør alkoholfri drikke, som vatn og sukkerfri brus og saft nyttast.
  • Spis eit måltid før du skal ta førjulshandelen og romjulshandelen, så du ikkje går svolten på butikken og har lyst på ALT du ser.
  • Ikkje fall for fristelsen å handle inn mykje julegodis og diverse før jul, vi får nok av slikt i julegavene på julaften.
  • Spis eit godt, sunt og mettande måltid før du skal på fest.
  • Spis litt grønnsaker, eventuelt eit lite sunt måltid, og drikk vatn før du skal i juleselskap.
  • Lag sunnare snacks med spennande julemotiv.
  • Om du medbringer mat, la det vere ein sunn snack eller måltid, så veit du iallefall at du har eit sunt alternativ å forsyne deg av. img_0597
  • Spar litt kalorier på dagtid om du skal på fest eller spise julemiddag på kveldstid, og då gjerne grønnsaker med fiber og sunn mat med proteiner som fyller deg opp, så du ikkje går svolten og sprekker totalt på kvelden.
  • Tenk før du tygger. Før du prøver all den uimotståelige maten som du møter på din vei, tenk først. Korleis vil du føle deg etter du har spist det? Er den kortvarige smaken verdt det? Kan du nyte ei mindre mengde av det?
  • Bruk ein mindre tallerken. Om det er buffet, gjer det jo ingenting om du må reise deg fleire gonger og gå nokre ekstra skritt om du vil forsyne deg meir enn ein gong.
  • Sett deg realistiske mål for jula. Ingen kan forandre mange års usunne julevaner over natta. Velg eit par bedre og sunnare mål denne jula, legg ein plan og gjennomfør desse. Neste jul har du desse allerede klare for deg og kan legge til eit par nye, sunne, realistiske mål.
img_0540

Bilder lånt fra pinterest.com og Anita Veberg

img_0563

– RIKTIG GOD JUL –

img_0552