Fra spiseforstyrra jojoslankar til sterk styrkeløfter!

Kan nesten ikkje forstå. Eg som hadde utsatt dette så lenge. Bare turt å drømme. Drømt om å vere ein atlet. Ein styrkeløfter.

Men eg måtte bare gå ned mange kilo først. Sjå sånn og sånn ut. Eg kunne jo ikkje vise meg slik eg såg ut! Vel, no seier eg:

Til blokksberg med det!!

Forrige helg stod eg for første gang på plattingen! Tyngre enn eg har vore før! Men sterkare i hodet enn nokon gong før! I trang drakt som presser ut låra med appelsinhud og som viser den absolutt ikkje glatte rumpa mi! Og som viser ein rund mage som har vore gjennom 3 graviditeter, kroppskrig i 20 år, og ikkje minst ein desperat mini-bukplastikk, der legen lot vere å sy igjen bukveggen, fordi eg ønska fleire barn. For den gongen hadde eg bare jentungen. Dermed er min kjære mage nærmest umulig å få flat, iallefall før bukveggen kan syast inn, men kjem eg nokon gong til å legge meg under kniven igjen..? Sjølv om eg er ferdig med graviditeter? Det er ikkje sikkert. Til tross for den runde magen. For den definerer meg jo ikke! Kroppen min kan sjå ut nett som den gjer, for eg er så mykje meir enn kroppen min!

Og hurra og tjohei: EG KLARTE DET! Eg blei ein styrkeløfter! Uten å presse meg ned i kilo og leve i endå fleire år med kroppskrig! For 2019 altså.. Dette året har virkelig vore transformasjonsåret mitt i mental forstand! Og i dag er eg så glad for alt eg har gjort mentalt fram til no! Alle små grep eg har tatt, verktøy eg har brukt, og ikkje minst alt eg turt å dele åpent og ærleg  med dere. Det lønte seg virkelig!

Eg kunne stolt vise fram styrken min forrige helg. Eg brydde meg lite om magen, rumpa og alt det der når eg løfta. Då var eg fokusert. Då skulle eg bare løfte.

Det eg konsentrerte meg aller mest om under knebøyen var faktisk å ikkje tisse på meg! 😉 Takk til Libresse seier bare eg. Haha. Eg klarte alle løfta, men dessverre vart siste løftet underkjent. Dette skjedde fordi eg tok ein fot fram mot stativet FØR dommaren ga signal om at eg kunne gjere det. Dommarens signal har alt å seie i styrkeløftkonkurranser, og vi får ikkje godkjent løftet, sjølv om vi greier løftet, om vi ikkje høyrer på dommarens signal.

Dei 2 første løfta gjekk det heilt fint å høyre på dommaren, men på siste løftet var eg så glad for at eg ikkje hadde tissa på meg foran publikum, og for at eg klarte løftet, at eg gløymde å stå i ro etter eg hadde reist meg opp igjen fra knebøyen. Men då har eg iallfall lært! Og som ein anna styrkeløfter sa til meg seinare; «Då skjer det aldri igjen!» 🙂 Og det har ho nok så rett i. Vi lærer av alt vi gjer.

Knebøyen endte iallefall på:

1.løft: 105 kg – godkjent

2.løft: 110 kg – godkjent 

3.løft: 120 kg – ikkje godkjent (men klarte løftet)

*****

Benkpressen endte på samme måte:

1.løft: 60 kg – godkjent 

2.løft: 65 kg – godkjent 

3.løft: 67,5 kg – ikkje godkjent 

Siste løftet blei underkjent på grunn av at eg stoppa litt på veg opp på grunn av tyngden, og det var så tungt at eg må ha tatt armane bittelitt ned før satsa på nytt og fullførte løftet. Men her og klarte eg altså løftet til slutt.

*****

Markløft er det aller gøyaste. Då er vi ferdige med både knebøy og benkpress, og det er bare den digge marken igjen. Bare å løfte den tunge stanga fra bakken. I tillegg har då nervane roa seg kraftig, og ein kan bare nyte siste 3 løfta.

Her fekk eg alle løfta godkjent, hurra!

1.løft: 115 kg – godkjent 

2.løft: 125 kg – godkjent 

Eg runda av helgas stevne for dameklassen, då eg tok den tyngste markløften av jenteløftarane den dagen. Skryte, skryte.

3.løft: 145 kg – godkjent! 🙂

****

Resten av helga hadde eg og eldstejenta skikkelig kvalitetstid i Bergen By. Vi shoppa, gjekk rundt byen i nydelig vær, åt på MacDonalds, låg i hotellsenga og såg på «Skal vi danse» med smågodtposen, og hadde fleire timar ilag i bil tur/retur med musikk og mykje jenteprat. Hotellfrokosten på hotellet var og heilt nydelig, både lørdag og søndag. Sjølv om senga var ei mini-dobbelseng, og eg sov ekstremt dårleg heile hotellhelga. Men Angelica mi sov heldigvis godt då. Og vi kosa oss.

Neste stevne blir sannsynlegvis på samme stad. Odinhallen. På julestevne 14.desember. Då skal løfta bli endå tyngre. Eg har eit mål i sikte: NORGESMESTERSKAPET. Då må eg ha totalt 370 kg med godkjente løft. Eg har nokre kilo igjen, men eg nærmer meg. Til NM skal eg. Skal vi seie 2020?? 😉 Men først, julestevne i koselig julestemning i Bergen i desember. Eg gledar meg. Det blir ein nydelig avslutning på årets innsats, både mentalt og treningsmessig. Eg kan ikkje vere anna enn stolt av meg sjølv når eg har trossa grenser og utfordra meg så mykje som eg har gjort i år. Eg har suksess allerede! Fordi eg lever livet mitt på MINE premisser! Det er kun EG som bestemmer kor langt eg skal nå. Og ingen vekt-tall, kroppsform eller negative tankar skal sabotere for meg igjen. Det er på tide å leve. Og det kjenner eg virkelig at eg gjer på den plattingen!

 

Tusen takk til alle som har heia på meg og støtta meg heile vegen!

Det finnast ikkje ord for kor takknemlig eg er. Dere skulle bare visst. Det er vanskelig å få det fram med ord.

 

– T A K K –

 

For å sjå video fra stevnet, kan dere titte innom min Instagram-konto HER. I tillegg kan dere sjå videoar og bilder fra stevnehelga i høgdepunktet «Styrkeløft» inne på profilen min.

Takk for titten.

Klem fra Anita