Gode hårdagar og færre floker på Floke

It doesn´t matter how badly their day has gone, in that moment they feel amazing. And the hairdresser has made them feel that way.

Eg ser alltid så fram til å stikke innom og få ordna håret mitt hos Melinda, ho er så dyktig og koselig! Og uansett korleis dagen har vore, og kva som har skjedd, og korleis eg føler meg, så er følelsen alltid mange hakk bedre etter eit besøk på Floke Jølster. Den fine salongen, den lune musikken, den vanvittig gode energishotten, og den snille Melinda. Og for ikkje å snakke om den himmelske hårvasken og massasjen, den avkjølande farginga og den beroligande klippinga og føninga.

Og har du ikkje smakt denne deilige shotten med ingefær og appelsinjuice, er den verdt eit besøk til Floke Jølster den aleine! Den er så forfriskande, søt og god! Så glad eg blir tilbudt den kvar gong. Nam altså! Har det som plommen i egget eg, når eg er hos frisørdama mi!

Håret mitt trengte virkelig ei overhaling. Det var slitt etter eit par månader sidan forrige besøk, og det var på høg tid med ei organisk og miljøvennlig behandling på Floke! Håret trengte friskare farge, etterveksten måtte fiksast, og dei slitte tuppane måtte bort.

Denne gongen gjekk vi for å friske opp fargen som var der, fordi eg er blitt så fornøgd med lysninga, behandlingane og ombreen Melinda har gitt meg tidlegare, skikkelig masse glans og vi valgte å glatte ut håret til slutt, for å få den lekraste finishen. Og resultatet blei så fint! Heilt nytt liv, friskare og glansfullt. Dei slitte tuppane er long gone, og eg kan igjen gå rundt med ein god følelse og gode hårdagar.

Følg meg gjerne på Instagram HER

Takk atter ein gong, for den diggaste hårbehandling, Melinda på Floke!

– Bestill time på Floke Jølster HER