Gullbillett

You are 100% responsible for your life. Stop whining and do something about it. 

IMG_7848IMG_8355

Det er så mange som kjem til meg og spør korleis eg kom meg ut av den svarte gropa eg var i for kun 4 år sidan. Kva har eg gjort for å bli så glad i livet, når det var hardt for kort tid sidan? Og eg blir kjempeglad for å kunne hjelpe, støtte og motivere. Om det er noko eg kan fortelle som kan hjelpe bare 1 person har det virkelig gjort dagen min. Men når det er sagt. Det første steget mot å komme deg ut av ein depresjon, ut av eit stort, svart hol som bare vil dra deg endå lenger ned, det første steget mot eit bedre liv og eit bedre indre. Det er å bestemme deg for at du ikkje er villig til å bli der du er! Du har bare 2 valg i dette livet: Gi opp eller gi det alt du har. Du kan gi opp. Og det har eg gjort mange gonger. Men så har eg reist meg igjen. Å feile er enkelt og greit ein mulighet for å starte på nytt igjen. Bare denne gongen meir intelligent enn forrige gong. Vi lærer av alle feil vi gjer. La det vere ein læring, ikkje eit svik mot deg sjølv. Å falle er eit uhell, å bli der er eit valg.

IMG_6903 IMG_6894

Vi har bare 1 liv. Skal du virkelig ligge der og synast synd på deg sjølv og la vekene, månedane og årene gå? Skal barna dine sjå deg slik? Minnast deg slik? Ønsker du det same for dei? Barna ser på sine foreldre som sine store forbilder og rollemodeller. Dei vil vere akkurat som deg. Like fin som mamma og like sterk som pappa. Du må vere den du trengte då DU var yngre. Du lager faktisk eit ekte menneske dei første årene. Gjer dei sterke i sinn. Fortell dei kvar dag at dei kan klare ALT dei vil her i livet. Alt startar i barndommen. Lær dei å gjere godt for andre. Dei skal få kjenne på det å hjelpe andre og finne glede i det. Verda treng folk som dette.

IMG_7900a IMG_7781 IMG_7746

Det kan vere mykje som gjer at ein kjem inn i noko ein sjølv vil kalle ein depresjon. Eg hadde mykje eg kunne legge skylda på for mine nedturer. Men no har eg lært at det kun er eg sjølv som kan bestemme over mitt liv. Ikkje kva som har skjedd med meg. Livet er 10% av det som skjer med deg, og 90% korleis du ser på det. Wow. Det ER heilt sant.

IMG_9641 IMG_8438 IMG_6288

Mange kan tru på deg, men det betyr ingenting om du ikkje har trua på deg sjølv. Det einaste som står mellom deg og den du ønsker å vere er den forbaska dumme historien du fortsetter å fortelje deg sjølv om at du ikkje kan klare det. At du ikkje er god nok. At du ikkje er verdt noko. Tenk på alle som er glade i deg. Er du sikker på at du ikkje er verdt noko? For foreldra dine? For søskena dine? For hunden din? For vennane dine? For barna dine? For barna dine er du heile verda. Du betyr mest. Gå og gi barnet ditt ein ekte klem og fortell at du elsker dei. At du ønsker alt det beste for dei. At du fra no skal vise dei kor magisk livet faktisk kan vere.

IMG_6863 IMG_8287 IMG_8376


For å bli ein person som velger å sjå livets lyse side er det mykje ein kan starte med:

– Les bøker. Bøker som utvikler hodet ditt. Sinnet ditt. Eg har MANGE tips om det er av interesse.

– Sjå inspirerande motivasjonsvideoar på Youtube. DET hjelper iallefall meg å starte kvar dag med ein RÅ mindset.

– Spis sunn mat. Næringsrik mat. Du aner ikkje kor mykje det faktisk kan hjelpe deg. Bli venn med kroppen din. Drikk mykje vatn kvar morgon før du gjer noko anna. Det hjelper til med å skylle ut giftstoff. Velg å spise mykje grønsaker, frukt og økologisk mat som ikkje er spraya med alle slags midler. Når du vaskar kroppen innvendig med mykje vatn vil næringstoffa i den sunne maten du spiser, bli lettare tatt opp i kroppen. Er det ikkje fantastisk?! Eg drikker så klart min daglege aloe vera-shot og.

IMG_8497 IMG_8375 IMG_8265

– Gå deg ein tur. Eller tren det du likar å trene. Aktivitet.

– Bytt jobb. Jobb mindre. Finn ein lidenskap, ein hobby, noko nytt.

IMG_7319 IMG_7401

IMG_8478 IMG_0189

– Gjer noko godt for andre. Eg lover det vil hjelpe deg å sjå lysare på livet.

– Bestem deg for at du ikkje skal lide meir. Du har bare dette livet! Sjå løysingar istadenfor hindringar. Om du lider, er det på grunn av deg sjølv. Om du føler deg lykkelig og takknemlig, er det på grunn av deg. Ingen andre er ansvarlige, kun du og du aleine. Du er ditt helvete og du er din himmel også.

IMG_7539

Ta imot gullbilletten din. Dette eine livet. Og lev det. Og du? Eg er stolt av deg.