Hallo 2022!

Litt sein oppdatering i og med at vi er allerede ved 1.februar 2022.

1 måned av 2022 har gått i minneboka, og vi har heile 11 måneder igjen.

Eg tenkte eg skulle titte innom bloggen og oppdatere den, både for min egen del og for deg som les. Eg har jo i 2021 jobba mykje med den relativt nye PT-jobben min, så tid til skriving har ikkje blitt prioritert. Om du vil sjå det eg har skreve, kan du titte innom Instagram, for der har eg tekster til bilda mine i det minste. Eg har lagt fokuset mitt mykje på IG og PT-jobben min, og det kjem eg til å fortsette med, men å titte innom her burde ikkje vere så vanskelig for meg som det har vore. 😉

  • Året 2021 gjekk til mykje heimetid på grunn av pandemien, men og mykje jobb på Spenst. På Spenst har eg lagt igjen mange jobbe- og treningstimer, mens eg heime har lagt igjen mange late timer, men og effektive programmeringstimer.

  • Året 2022 kjem nok til å foregå i nokolunde samme greia, bare at eg no tilbyr onlinecoaching i tillegg. Også blir det kanskje ikkje så mykje heimetid på grunn av pandemien, men eg ELSKER min gode heim, så her eg er mykje uansett. Kva er vel ikkje bedre etter jobb og trening å kunne reise HEIM? 🙂 Om du ønsker meg som online coach, send meg ein epost til ptanitaveberg@hotmail.com eller DM meg på Insta, med din epost-adresse! Så sender eg over litt uforpliktande informasjon til deg.

L FOR 2022:

Eg liker å sette mål og delmål, men noko nyttårsforsett har eg ikkje. Utenom ein liten huskeregel som eg skal komme tilbake til.

Treningsmål:

370 kg totalt i styrkeløft.

Dette innebærer dei 3 øvelsane knebøy, benkpress og markløft.

Så om eg klarer 130 kg i knebøy, 80 kg i benkpress og 160 kg i markløft, så er eg der. Eit stykke igjen dit, men har ikkje vore langt unna før, så eg må bare fortsette å trene, så eg kan vere med på NM i 2023! Med meg på denne reisa har eg PT-kollega og PT-leder på Spenst Førde Per Anders Berge, som og veileder mange av kundane sine i styrkeløft! Gøy gøy! 🙂

Styrkeløft stevne i Bergen

Jobbemål:

  • Fortsette med livsstilsgruppe på Spenst Førde (ny til våren) og andre PT-kunder
  • Fortsette med plattformen/nettbutikken min som no er på «pause», der eg har onlinekurs og salg av PDF-hefter og liknande
  • Functional Fitness-kurs!

Sparemål:

  • Spare 1500,- til IPS kvar måned
  • Spare 1000,- i måneden til konfirmasjonane i 2028 og 2029 😉
  • Spare 1000,- månedlig i fond
  • Og spare pengane mine som eg før brukte på godis! Og no er eg tilbake til den huskeregelen eg nevnte tidlegare. Eg liker ikkje nyttårsforsett, difor kallar eg det huskeregel. Og den går ut på at eg ikkje skal kjøpe med meg snacks og godis heim. Det er jo lett for at eg har lyst på noko, også stikker eg innom butikken på veg heim etter jobb. Men det var før. Om eg så må innom butikk skal eg kjøpe det eg MÅ kjøpe (for eksempel det vi manglar til middagen, pålegg eller liknande). Eg skal IKKJE kjøpe den godisen eg har lyst å hive oppi korga. Den godisen vi har i hus er den vi har kjøpt saman på vekehandelen på lørdagen. Då bruker vi felles pengar, og eg benytter ikkje mine egne penger på næringsfattig snacks. Til no har denne huskeregelen gått heilt utmerket! Eg har ikkje brukt ei einaste krone på godteri eller salt snacks! Hurra. Og slik skal det fortsette. Ein litt enklare måte å gjere det slik, enn å kreve av meg sjølv at eg ikkje skal spise godteri i vekedagane. Eg vil jo gjerne la vere, men om vi har litt restechips mandagskveld eller noko sjokolade liggande, er det ikkje krise at vi deler det ein kveld i veka. Den alt eller ingenting-tankegangen er eg så ferdig med.

Okai, så det var ein slags oppdatering fra meg. Og no når eg skulle laste inn bilder, kom eg på kvifor eg slutta å blogge.. Eg får ikkje lasta inn bildene mine! Sjølv om eg komprimerer dei. Kanskje ein ny pc hadde vore noko. Men uansett, kjekt at du les, og så håper eg vi snakkast! Som sagt, så er eg mykje meir på Instagram enn her, så titt innom der og sei gjerne hei 😉

Hey då så lenge!

Klem fra Anita