Havrebrød med sjokoladesmak

Desse smaker aller best samme dag, varme og ferske, og kan då spisast som varme, mjuke kjeks, men er og gode kalde med pålegg.

Til 1 liten porsjon på 2 stk små brød:

50 g havregryn

1 eggekvite

20 g sjokoladeproteinpulver

(eg bruker Forever Lite Ultra Chocolate)

(Du kan bytte ut pulveret med 2 eggekviter)

1 klype salt

1 ts Sukrin/Sukrin+/Sukrin Gold

2 Steviadråper m/sjokolade

Vatn

Bland i litt vatn mens du rører saman alt det tørre, det skal vere tjukk og klissete konsistens. Leggast på bakepapir i 2 klatter/boller og kan trykkast litt flate. Steikast i 12-15 min på 200 grader midt i ovnen.

img_0141

Når man er på sukkerfri diett blir man vant til at rein mat utan tilsatt sukker smaker godt. Når man ikkje spiser sukker blir smaksløkene forsterka, og vi kjenner smaker som vi kanskje ikkje hadde kjent ved eit sukkerhaldig kosthald. Eg personleg merkar dette veldig godt. Medan eg har vore av dietten i 2 mnd no har eg spist kaker i selskap, godteri på lørdagskvelden osv. Den sunne maten er faktisk ikkje like god, og eg lærer stadig nytt om meg sjølv. Eg har og funne ut at eg er ganske «all or nothing», så no når eg er i gang med dietten igjen, er eg glad eg ikkje kan spise sukker. Sukker gjer meg ikkje godt, det gjer meg til ein slave for sukker. Ganske latterlig, men sant. Når hjernen får sukker vil den bare ha meir, og meir, og meir. Eg kan skrive under på at bare man klarer å halde seg unna i nokre dagar, er suget vekke, og vanene kan endrast. Men ja, lettare sagt enn gjort. Men det ER mulig. Bare man ønsker det nok.

IMG_4370

Om du vil lage større porsjoner av desse havrebrøda kan du bruke denne oppskrifta:

250 g havregryn

5 eggekviter

100 g proteinpulver

Eit par klyper salt

ca. 4  ts Sukrin (eg tok det på gefylen)

ca. 5 Steviadråper

Vatn mens du rører inn

Samme prosedyre som over. Her fekk eg 10 brød/kjeks. Det går an å bruke både sjokolade- og vaniljeproteinpulver, du kan og bytte ut pulveret i vanlige egg/eggekviter. Du kan sjå oppskrift på mitt første havrebrød i tidlegare innlegg, der utan proteinpulver. Og dei er virkelig verdens enklaste brød, med kun 2 ingredienser! Sjå HER

IMG_5320
Eg og mine 2 minste kosa oss med sjokoladehavrebrød i dag tidleg, mens vi tente lys og såg på NRK Super. Vi har ikkje tv-abbonnement, så det er kjekt at vi likevel får sjå Snøfall via Playstation/streaming. Koselige juleserier er vi fan av 🙂

IMG_3756

Ha ein finfin søndag, fine lesarar.