Ingen å dele med..

 

Tenk å gå i mange, mange år utan å lette på hjertet. Det er så mykje eg aldri har sagt. Aldri har delt. Men eg føler meg endelig klar for det. Og så skal eg legge ut i det vide og det brede på internett? Kva er vitsen med det? Eg veit egentlig ikkje. Eg har vel ikkje eit veldig godt svar på det. Men kvar einaste dag den siste veka har det komt menneske til meg (på internett så klart..) og delt sine utfordringar med meg. Og som forteller meg at eg må fortsette å skrive. Og at det hjelper dei å vite at dei ikkje er aleine. Det er jo kanskje den beste grunnen eg kan få. Til å dele så mykje personleg, så mykje utfordringar, så mykje som liksom skal vere tabu. At det hjelper dei å vite at dei ikkje er aleine.

 

Sånn sett så føler eg meg heldig som har den skrivegleden eg har. Eg har alltid likt å skrive. Å kunne fortelle ting skriftleg. Novellene vi fekk i oppgåve på ungdomsskulen likte eg, og eg huskar nokre av dei eg skreiv endå. Den eine novella handla om ei som ville hoppe frå eit tak på eit handlesenter, ikkje veit eg kvifor eg ville skrive dystert allerede då, men det har vel noko med følelsar å gjere. Og når eg skriv kan eg dele følelsane mine på ein heilt anna måte enn når eg må gjere det muntleg. Det er noko med det å kunne ta seg tida til å tenke. Eg er ikkje den raskaste tenkaren, så ein kjapp, supermorsom replikk er ikkje så ofte du får frå meg. Eg er meir den reflekterande typen som helst vil prate om noko som gir meg meining, og ikkje minglesnakk som gir meg ingenting. Men eg syns derimot at det er hysterisk morsomt når dei munnkjappe virkelig nailer til med eit blinkskudd.

 

Men kor mange er det der ute som aldri deler sine problemer med andre? Kor mange er det som lider i stillhet? Som lider aleine? Og det har nødvendigvis ikkje noko å seie på kven vi er med, bur med eller kjenner. For eg har ein familie som eg aldri ville vore foruten, eg er ubeskrivelig glad i mange av dei rundt meg, og den kjærleiken eg har for barna mine er endelaus. Men uansett kven vi har rundt oss, så finnast det dei som ikkje klarer å dele tankar og følelsar med sine aller beste og næraste. Eg skulle ønske eg kunne, men den gang ei.

Mine næraste kjem til å forstå meg bedre gjennom denne bloggen, og det er jo egentlig ein fin ting. For dei fortjener jo å kjenne meg som den eg er. Og forstå kva eg tenker og føler. Iallefall dei som er ubeskrivelig glad i meg tilbake.

 

Å gå i mange år utan å ha nokon å dele det med. Det er innmari tøft. Det kan forsterke nedstemtheten og angsten, og det kan forårsake overvekten, eventuelt undervekten. Det å ikkje kunne få ut følelsane sine, og det å føle seg mutters aleine, kan føre til trøstespising, og det kan og føre til spiseforstyrrelser. Eg veit ikkje kva råd eg kan gi til dei andre som lider i stillhet. Uansett om det er angst, depresjon, på grunn av overvekt og skam, eller mindreverdighetsfølelse. Eller andre ting. Men eg kan seie såpass at det kan hjelpe å seie, eller skrive, det til nokon, uansett kven det måtte vere. Om du vil skrive noko til meg, så har du iallefall fått letta hjertet ditt litt..

 

Eg veit ærleg talt ikkje kvifor eg er blitt sånn. Kvifor eg er ei slik som ikkje klarer å prate om vanskelege ting. Kva kjem det av? Kvifor har eg så store vanskelighetar med å vise følelsar? Begynte det som lita jente då noko skjedde, som eg i seinare tid har følt på som vanskeleg? Har det med at eg aldri har følt meg god nok? Som igjen kanskje stammar frå dei tidlege barndomsår og?

 

Kanskje du som les veit noko eg ikkje veit? Eller har lært kvifor DU ikkje liker å vise følelsar?

 

Kanskje eg finn ut av dette ein gong. Men akkurat no er eg bare glad eg endelig tør å dele litt meir av den eg egentleg er.

 

TAKK for at du les.

 

Klem frå Anita