KAN VI GÅ FORAN

SOM EIT GODT EKSEMPEL!? 🙂

 

Vi er innmari flinke å vise kor fine vi er når vi er sminka. Når vi har kledd oss i det finaste antrekket som er nøye utvalgt for dagen. Når vi har brukt evigheter på badet for å lage ei frisyre. Det er då vi tar bilete for å vise oss fram. Og det er heilt greit! Og heilt forståelig! MEN burde vi ikkje bli flinkare til å vise den mindre perfekte oss og? Tenk om vi kunne bare senke dei kravene litt? Trur du ikkje vi hadde fått det mykje bedre med oss sjølve sånn generelt då?

 

Tenk å våkne opp om morgonen og ikkje bry deg døyten om korleis du ser ut. Kan du tenke deg noko meir befriande?

 

Tenk om fleire hadde kutta ut sjiraffvippene, dei falske neglene og hårextensionen? Eg er sjølv skyldig i alt dette (og får lyst på det igjen iblant altså), men eg har kutta  ut neglene og falsk hårlengde for lenge sidan.. Falske vipper har eg ikkje hatt på lenge heller. Eg har kutta ut alt det som faktisk ikkje er MEG, fordi eg har lyst å føle meg god nok som eg er. Det er vanskelig, men eg veit at det kan vere mulig. Sjølv om eg bruker mascara og farger håret, og kjem truleg til å ta sol igjen før mi levetid er over, så vil eg vere mest muleg naturleg så godt det går.

 

Eg har lyst å vere den naturlege meg ovanfor dattera mi  på 12 som allerede har begynt å ville sjå ut som sminkedukkene på YouTube. Dei som bruker 3 timar foran speilet kvar dag. Eg ønsker virkelig at det IKKJE skal vere så viktig som det er blitt. Vi må då kunne sjå ut som OSS sjølve?? Jenta mi på 12 er nydelig som ho er! Utan lag på lag med makeup, og falske negler og vipper!

 

Eg trur at om vi vaksne går foran som eit eksempel vil det bli enklare for barna. Sjølv om dei truleg bare vil tenke at vi lever i ei anna tid enn dei. Vi har lite å stille opp med der, vi mødre og vi gamlinger. Fordi «vi har jo ikkje peiling på korleis det er no» så klart. Nei då. Ingen peiling på korleis det er å vere ein usikker ungdom.. Men for ei vanleg mamma er det ikkje så lett å konkurrere mot influencere som har fleire hundre tusen følgere. Tenk på alle dei «populære» på nettet som spelar på utsjånad og kropp, og har millionar som følger dei.. Alle desse ungdommane som sit og følger med på desse. Alle ungdommane våre som er så pene UTAN tonnevis med krem i ansiktet.. Men dei trur at dei må sminke seg for å bli fine nok, bra nok og bli godtatt.. Det er egentlig ganske fryktelig.

 

Eg seier ikkje at vi skal slutte å pynte oss, og stæsje oss opp iblant, det er jo bare herlig det!

Men kan vi bli flinkare å gå foran som eit godt eksempel? På at det naturlege er topp?!

 

Og ikkje minst rose dei for kor unike dei er når dei kjem med ustelt hår og ingen sminke?

Det ER vanskelig å IKKJE seie «Å så fin du er!» når jentungen har dolla seg opp, med pene klede og brukt litt ekstra tid på hår og sminke. MEN eg prøver å kutte det ut eg. Fordi eg mykje heller vil fortelje ho at ho er fin når ho IKKJE har pynta seg, når ho ser ut som akkurat den ho er.

Og faktisk vil eg egentlig ikkje fortelje ho at ho er FIN i det heile tatt (men det dett jo ut av meg iblant likevel så klart!), fordi det er ikkje det som betyr noko! Det som betyr noko er den omtenksomme, utruleg snille og varme personen ho er. Den som blir lei seg når andre er lei seg, den som ikkje ønsker å sjå andre triste eller kjede seg, den som tar vare på dyra sine med omtanke og kjærleik, den som elsker å gi og få klemmer og kos. Den gode vennen ho er, den hjelpsomme storesøstra ho er, den kosete dattera ho er. Det er den som er viktig, den ho er innvendig. Ikkje den ho er utanpå. Ja, dei er fine, nydelige og søte. Men bør vi bli flinkare å rose den dei ER og det dei gjer, ikkje slik dei ser ut? Det synast eg.

Skal vi tenke litt på dette i dag, og prøve å rose barna våre for den dei er INNI, og ikkje den utanpå?

 

 

Klem frå Anita