KOM SOM DU ER!

Denne veka får eg sannsynligvis beta-versjonen på mitt nye program, noko som er sjukt spennande! For dere som har vore med i Prosjekt Overvektig og drittlei, så er det faktisk ikkje i nærleiken av det kurset, men det er BEDRE, fordi det går ikkje på å gjere store endringar i kvardagen på kun 3 månadar, men vi skal fokusere på ei og ei vane om gongen! Ingen diett, ingen kostplan, men sakte endring av vaner som gjer oss sterke nok til å få dette til! Med tida til hjelp! Høyrast ikkje det genialt ut?!

 

Dette kurset blir eit sjølvstudium, slik at dere kan bruke så lang tid dere treng på det. Eg skal og få til eit fellesskap, muligens gjennom ei FB-gruppe, slik at vi alle kan kommunisere og heie på kvarandre, og dele gleder og utfordringer. Alt er ikkje klart endå, men når eg får sjå korleis sjølve nettsida blir sjåande ut denne veka, blir det enklare for meg å lage og legge inn sjølve kurset. Det blir og bonusmaterialer så klart! Blant anna oppskrifter og mental trening!

 

Gi deg sjølv mange månadar, ja kanskje til og med eit heilt år, på å innlære deg nokre få grunnleggande vaner, FØR du går vidare på livsstilsendringa di. For eg tipper det er så altfor mange der ute som har gjort eksakt det samme som meg; Gått ned i vekt ved å vere flink i ein periode, men gått opp igjen etterpå. Gått all in i kaloritelling og trening i ein periode, deretter gått all in på å overspise det som var nei-mat og med lite til ingenting av aktivitet. Gått frå å føle oss uovervinnelige og at DENNE gongen skulle det vare, til å føle seg som ein «failure», og tenke at dette får eg aldri til.. Kjenner du deg igjen?!?

 

Er vi ikkje så innmari lei akkurat dette?! Er det ikkje på tide å heller gjere det grundig, sakte, skikkelig?? Vi MÅ bygge dei grunnleggande vanene først, for at det skal vare. Så kvifor har vi ikkje gjort dette før?!? Vel, no har vi jo sjansen! I løpet av februar-mars vil sjølvstudiumet m/fellesskap og bonuser vere klart, vi skal gjere så mykje bra for oss sjølve dei 3 siste kvartala av 2019, og vidare i 2020! Livsstilsendring skal endelig BLI EI LIVSSTILSENDRING, og ikkje bare ein diett innanfor nokre månadar som vi feiler på i etterkant. Eg gledar meg til å dele dette med dere, for dette er noko eg virkelig har trua på! Ingen restriksjoner, ingen dårleg samvittighet, bruke god tid og ikkje stresse!

 

Dette studiet og fellesskapet vil bidra til at overvektige kvinner får eit bedre liv, bedre helse og eit bedre grunnlag for varig livsstilsendring! Dette kurset, og hjelpa eg kan gi, er grunnen til at eg har vore gjennom utallige slankeperioder, diettar, overvekt til normalvekt, til overvekt igjen. Dette er grunnen! Det er ei så fantastisk meining med det! Og det er eg så takknemlig for! At eg kan hjelpe andre som kjenner på akkurat det same som meg. Som har vore i same håplause situasjonar som meg. For vi har nok alle kjent på dei same følelsane, dei same sorgene og den same håplausheten ved å feile så mange gonger.

 

Vi er sterkare saman. Ein ny familie. Eit nytt, lite samfunn. Der vi skal jobbe med den grunnleggande basen og hodene våre. Ikkje utsjånaden. Der vi er gode nok som vi er, men jobber oss friskare og ved bedre helse. Dette er starten på vår nye familie og våre nye liv! KOM SOM DU ER! 

 

FØLG MED VIDARE! 

 

Takk for at du las.

 

Klem frå Anita