Noko på hjertet..

Dette skreiv eg for nokre dagar sidan på min FB-side Personlig trener & FBO Anita Veberg. Eg ønsker å dele det her på bloggen og, i håp om å nå endå fleire. So here it goes.. 🙂

 

Eg har noko på hjertet. Noko eg dei siste dagane har tenkt mykje på.

Etter at eg vart coach for så mange flotte jenter for snart 3 veker sidan, har eg blitt endå meir obs på noko. Eg har jo alltid sett på meg sjølv som ikkje sprek nok, fit nok eller smal nok. Eg har prøvd utallige slankekurar og vore tidenes jojoslankar. Eg har sett ned på meg sjølv og syntes at eg såg fæl ut. Eg har hata cellulittane og det ekstra fettet. Eg har følt at eg ikkje var god nok på grunn av utsjånaden?! Kor feil er ikkje det?!

~~~~

Vi kvinner er oppvokst med at vi skal tilfredstille på ein eller anna slags måte. Vi blir vist på framsida og midtsida i magasiner verda over med smale hofter og glatt hud. Jenter som vokser opp no bedømmer seg sjølv på grunn av utsjånaden akkurat på grunn av dette. «Perfekte» kropper (i media´s auge vel og merke) ser vi kor enn vi snur oss. Overalt ser vi «strøkne» kvinnfolk, men som gjerne har vore innom photoshopen ein tur.

~~~~

Men etter at eg vart coach og ser kor «slemme» vi er med oss sjølve og kor kraftig vi snakkar oss sjølve ned, dess meir ser eg at vi er ganske tullete. Dette er nok vanskelig for dei som ikkje ser det eg ser i vekerapportane til damene som er med i kurset mitt, men eg ser virkelig flotte, sterke kvinner som ser så bra ut! Derfor ville eg dele dette med dere, og eg håper at det kan få alle kvinner til å tenke seg om 2 eller fleire gonger før dei snakker seg sjølv ned igjen.

~~~~

Når eg leser at jentene mine i Prosjekt Overvektig og drittlei ser på seg sjølv som stygge og fæle, mens eg ser ei vakker jente med flotte former og ingen grunn til å føle seg som ho gjer, då blir eg skikkelig lei meg. Men eg blir og motivert til å hjelpe desse damene å bli meir glad i seg sjølv. Om du tenker deg om; Hadde du nokon gong sagt det du tenker om deg sjølv til di vennine eller til din mamma? Nei? Fordi det hadde vore kjempeslemt av deg å gjere, og du hadde gjort ho veldig lei seg? Så kvifor gir vi oss lov å snakke slik til oss sjølve?

~~~~

Og skal eg vere ærlig, så har eg blitt mykje meir glad i meg sjølv på desse 3 vekene, bare fordi eg og har alltid tenkt slik desse damene gjør, om meg sjølv! Men eg har ikkje hatt grunn til det! Eg er fin nok som eg er, og det er EG som er den største kritikeren og den som er styggast mot meg sjølv. For andre ser eg kanskje «vanlig» ut, eller som ein ordinær person. Mens eg trudde eg var verdas feitaste og mest mislykka jojoslankar. Høyrt så gale?

~~~~

Eg håper at alle kvinner og jenter forstår at det er KUN dere som ser på dere sjølv som så «stygge» som dere meiner at dere er. For vi andre ser nydelige frøkner og mennesker vi er glade i. Og cellulittane, arr og strekkmerker? Det betyr at vi har levd. Vi har erfart, opplevd og vore gjennom opplevelser som har gjort oss til den vi er i dag. Vi damer er jo rå!

~~~~

Damer, dere er BRA NOK! Dere er fine og flotte! Dere er like gode og vakre damer, uansett kor mange kilo og appelsinhud. Eg digger dere alle uansett, og bare vit at EG syns at dere er fantastisk fine! 

http://anitaveberg.com/90-dagars-kurs-prosjekt-overvektig-og-drittlei/

Klem fra Anita