Prosjekt Overvektig og drittlei 4 startar no!!

Gruer du deg til jul, slik eg har gjort i mange år? Uansett kor mykje eg har gleda meg til jul kvart år, har det alltid låge ein tanke bakerst i hodet mitt. Tenk om eg overspiser kvar dag i jula? Tenk om eg ikkje klarer å styre meg? Tenk om eg går opp 5-10 kg bare på den lille veka? Tenk om eg ikkje klarer å gå ned igjen i vekt i januar?

 

Det er 97 dagar igjen til julafta. Og før den tid er det julebord, julebakst, boller med varm kakao, besøk med snacks på borda og  inn i granskauen mykje god juledigg i butikkane (heilt fra oktober!). Førjulstida er så innmari koselig! Men den gir så utruleg mykje frykt, negative tankar og sjølvhat og!

 

Bare 1 månad til det begynner å ramle inn i butikkane. Julekaker, julebrus, julechips, pepperkaker, julesjokolade, marsipangris, juleskum. Kven får litt panikk?! Eg skal love dere at eg gjorde det tidlegare! Eg var så redd eg skulle gå bananas i butikken, og gå endå meir bananas og overspise til den store gullmedalje når eg var komt vel heim. Og kva gjorde eg? Jo, eg gjekk bananas. På butikken og heime.

 

Som mange veit har eg hatt 3 vellykka «Prosjekt Overvektig og drittlei» tidlegare. Mange gjekk ned i vekt, mange har til og med holdt vekta, og mange har framleis mange av dei gode vanene dei tillegna seg på kursa. Men då eg kutta heilt ut diett og slanking sjølv, kunne eg ikkje fortsette med eit slikt prosjekt. Men eg har samtidig så lyst å hjelpe andre med alt det eg kan! For eg veit det er så mange som har det tøft, som sliter med negativ tankegang, og som drøymer om bedre helse, meir sjølvtillit og om å akseptere seg sjølv. Så eg har funne ein måte å vidareføre dette prosjektet på. Og herved skal «Prosjekt Overvektig og drittlei 4» sparkast igang!

 

Så då lurer du kanskje på kva vi kjem til å gjere i dette kurset, og kva det kan gi DEG?!

Då er det bare å lese vidare!

 

      DU VIL:

  •  få hjelp til eit nytt tankesett
  •  få ulike verktøy for å tilegne deg bedre vaner
  • lære deg å spise meir normalt
  • få slutt på overspising
  • bli bedre venn med maten
  • bli bedre venn med kroppen din
  • lære deg å akseptere deg sjølv meir
  • få mindre og svakere cravings
  • få meir kontroll
  • lære deg å stoppe når du er mett
  • lære deg å lytte meir til kroppens signaler
  • lære deg at du er bra nok
  • lære deg å forminske negativ tilsnakk
  • lære å bygge deg sjølv opp meir positivt
  • lære deg å gi meir blanke i kva andre meinar
  • lære korleis du skal slutte å samanlikne deg med andre
  • lære deg matplanlegging, mealprep og næringsrik mat 
  • lære deg mindful eating og ulike teknikkar du kan ta med deg vidare 
  • FÅ HJELP TIL Å GÅ FRA SJØLVHAT TIL SJØLVAKSEPT!!!

 

Så om du er lei av å føle deg dritt, at du rett og slett er drittlei, så vil eg invitere deg til eit 90 dagers kurs fram mot jul! Dette blir gjennom personleg oppfølging av meg via e-post, i tillegg til at eg vil samle alle i ei privat facebook-gruppe, så vi kan støtte kvarandre og dele tips, mestringer og utfordringar saman.

 

Som du kanskje har sett, så har eg ikkje nevnt vektnedgang i det heile tatt her. Og det er fordi det vil ikkje bli lagt fokus på. Om du treng å gå ned i vekt på grunn av helseårsakar, så må du gjerne gjere det, men det vil ikkje bli noko vi fokuserer på i dette kurset. Om du har kjempelyst ned i vekt, fordi du ikkje føler deg bra nok på grunn av overvekten, vil eg seie dette til deg:

Om følelsen av verdighet kun kan oppnåast med vektnedgang, då startar du i feil ende.

I dette kurset ønsker eg at du skal føle deg bra nok FØR du går ned i vekt. Du skal akseptere deg sjølv som du er NO. Og du skal forstå at du er MEIR ENN KROPPEN DIN. Det blir vårt hovedfokus! Samtidig som vi skal lære gå gjennom korleis finne tilbake kontrollen med mat, og få eit godt forhold til mat og kropp igjen. Med det sagt, kan eg ikkje nekte på at det vil truleg vere nokre som går ned i vekt etterkvart, kanskje ikkje i sjølve kurset, men seinare, fordi du tar tilbake kontrollen! Over hodet, over kroppen, over negative tankar, over maten! Tenk så deilig å ta livet tilbake!! Det er DU som bestemmer! Ingen andre.

 

Eg ønsker for deg at du skal grue deg minst muleg til jul og til førjulstida dette året. Eg vil at du skal gå inn i juleveka med bedre sjølvtillit, uansett vekt, kroppsform og utsjånad. Eg vil at du skal nyte den maten og godisen du skal ete i jula, utan å snakke deg sjølv ned i etterkant. Og eg vil at du skal gå inn i det nye året med kontroll, sjølvaksept og kontroll, og vere klar for eit fantastisk 2020!

 

2019 var mitt transformasjonsår. Blir 2020 ditt??

 

Då er det på tide å starte no. For spørsmål, pris og påmelding, send ein e-post til ptanitaveberg@hotmail.com. (Om det av ein eller anna grunn ikkje skulle gå an å sende meg ein mail, kan du sende meg mailadressa di på DM på Instagram, så kan eg sende deg info på den måten.)

 

La desse 3 månadane før det nye året bli fundamentet ditt for eit transformasjonsår! La dette bli ein haust og vinter der du faktisk gjer ein innsats for å bedre heile ditt liv! Det er på tide å forvandle tankesettet, slik at du kan leve det livet du innerst inne ønsker! Ta tilbake livet ditt! Og det starter no!

 

Klem fra Anita