Til mi kjære datter

som eg har lurt trill rundt i så mange år. No er det på tide å fortelle sannheten.

 

Du har spurt meg mange gonger. Og eg har nekta, om og om igjen. «Er det du som er Julenissen?!»

Du har virkelig lurt på dette, og eg har hatt lyst å fortelle deg sannheten. No er tida inne. Eg har tenkt grundig og lenge på korleis eg skulle bryte den fantastiske magien som finnast med julenissen, sleden, gavene og korleis den runde, gode Julenissen kjem seg ned pipa på nattestid.

 

Svaret er nei. Eg er ikkje Julenissen. Det finnast ikkje 1 Julenisse.

Eg er den som har drukke av melka og spist av pepperkakene du la fram før du la deg lille julafta. Eg er den som las og tok vare på breva du skreiv til Julenissen. Eg er den som handla og pakka inn gaven som låg under juletreet, og det var eg som skreiv «Frå Julenissen». På same måte som min mamma gjorde dette for meg, og slik som hennar mor gjorde det for ho. Og ja, pappa hjelper til og.

Eg kan tenke meg at dette er noko du vil gjere ein dag du og, for dine barn. Og eg veit du vil elske å sjå dei springe ned trappa til juletreet på den magiske julemorgonen. Du vil elske å sjå dei sitte der fulle i juleglede, deira nydelige små ansikt, opplyste frå dei vakre julelysa på det vakre juletreet.
Men dette vil ikkje gjere deg til Julenissen.
*****
Julenissen er større enn nokon person, og hans jobb og magi har foregått lenger enn nokon av oss har levd. Det han gjer er enkelt, men det er utruleg mektig.
Han lærer barna å tru på noko dei ikkje kan sjå eller ta på.
Det er ein stor jobb, og ein veldig viktig ein. Gjennom heile ditt liv, vil du trenge denne kapasiteten til å tru. Til tru på deg sjølv, til å tru på dine nærmaste venner, til å tru på dine talenter og kva du kan oppnå, og til å tru på familien din.
*****
Du treng og å tru på ting du ikkje kan holde i handa di. Og då snakkar eg om kjærleik, den sterkaste krafta som vil lyse opp livet ditt frå innsida ut, til og med gjennom dei mørkaste, kaldaste stundene.
Julenissen er ein lærar, og eg har vore hans elev. Og no veit du hemmeligheten over korleis han kjem seg ned alle dei sotete pipene på den kalde julenatta. Han har fått hjelp fra alle dei menneska som tidlegare har fått hjertet sitt fylt av juleglede.
*****
Med framleis julemagi i våre hjerter frå barndommen, som din pappa og eg, vi bytter på å hjelpe Julenissen å gjere ein jobb som ellers ville vore umuleg å få til.
Nei, eg er ikkje Julenissen. Julenissen er kjærleik og magi og håp og glede.
Eg er på hans lag, og no er du det og.
Klem frå mamma.