Tommel opp for enda meir grønt!

GRATULERER!!

Dyktige Melinda på Floke Jølster nailed it! Salongen hennar er no sertifisert som «grønn salong». Ho er bare så flink og ikkje bare det, men genuint interessert i miljø, helse og samfunn! Gratulerer så mykje med det du har oppnådd, Melinda!

19399050_1969733879980296_4059097370299982993_n

Noregs første miljøvenlege frisørkjede blir altså bare grønare og grønare. Her er det Melinda kan fortelle:

«Floke Jølster vart i går sertifisert som «grønn salong»! Sjølv om Floke alltid har vore grøne, er me veldig stolte over å ha blitt sertifisert i dag! Salongen er nr.5 i rekka av våre avdelingar som er blitt sertifisert av den danske kjemikaren Johan Galster, etter Nordens strengaste sertifiseringsordning for frisørar. Det er fyrste gongen «grønn salong» sertifiserer ei heil kjede på ein gong! Den danske sertifiseringsordninga er den einaste som sikrar forbrukar at frisøren brukar 100% alleri- og miljøvenlege produkt og behandlingar! Som Noregs einaste helse- og miljøvenlege frisørkjede er Floke oppteken av helse og miljø, og vil gjerne påverke andre frisørar, forbrukarar og andre bedrifter til å ta meir miljøvenlege val for ei bærekraftig utvikling i eigen bransje og i samfunnet forøvrig!»

IMG_5072

 Denne dama fikser håret MITT og gjett om eg er glad for det! Produkta hennar er reinare og meir naturlege, og dermed bedre både for helse og miljø. At ho tilbyr eit bedre alternativ for helsa mi er kjempeviktig, synast eg! Eg blir bare meir og meir interessert i helsa mi, sidan eg skal no tross alt leve og vere så frisk som mulig i ganske mange år til 😉 Eg gleder meg til kvart besøk hos Melinda, og eg er kjempeglad for å ha ein så flink frisør!

IMG_5083 IMG_5082

Bestill time hos Melinda HER eller HER om du vil! 🙂

Klem fra Anita