Treningssenterskrekk

Eg sit i bilen. Motoren går og musikken syng framleis.

Eg er ikledd treningsklede. Treningsbagen ligg klar i setet ved sidan av meg. Eg har parkert ved treningssenteret og er fysisk heilt klar til å gå inn. Heilt klar til å trene.

Men eg bare sit her. Kroppen vil på trening. Men hodet seier nei. Så eg sit her bare. Eg kikker på mobilen i tilfelle nokon går forbi, så det ser ut som eg iallefall gjer noko meir enn å bare sitte og glo ut i lufta. Eg prøver å setje på ein anna sang, ein av mine favorittsangar å trene til. Tankane svirrar.

Eg sit her lenge..

Eg drar ned handbrekken, set bilen i revers og ryggar ut av parkeringa. Eg køyrer heim. I dag gjekk det ikkje.

*****

Det er mange som opplever frykt og redsel for å møte opp, og ikkje minst trene, på eit treningssenter.. Fleire enn vi trur opplever å føle seg ille til mote når dei trenar, og nokre våger seg ikkje innanfor dørene på eit treningssenter. Eg har sjølv vore der, og den redselen dukkar endå opp iblant.

 

Eg har redsel for å trene blant mykje folk. Sjølv om eg er spinninginstruktør på det same treningssenteret eg trenar på, er utdanna personleg trenar og har trent i nokre år no. Til tross for kunnskap og tilhørighet føler eg på denne frykta. Det er heldigvis ikkje kvar dag, men det skjer endå.

 

Eg elskar å trene grytidleg på morgonen, og det var denne redselen som gjorde at eg starta med morgentreningar. No gjer eg det litt på grunn av at eg digger det, og litt på grunn av at eg synast det er veldig travelt å trene med mange folk rundt meg. Det er eit fullstendig tankekjør. Eit tankeKAOS.

 

*****

Eg har trossa denne frykta så mange gonger no at eg den burde jo bare bli borte. Eg har møtt opp på WOD´s der vi er mange som gjer same crossfit-økt, eg har vore med på julestevne i styrkeløft, og eg har trent nokre gonger på veldig folksomme tidspunkt. Men frykta er der endå. Den forsvinn visst ikkje så lett. Kanskje den vil alltid vere der? Men ein mager trøst er jo at alle dei gongane eg HAR gått inn og trent, så har det vore verdt det, og eg føler meg råbra i etterkant. Uansett om eg ikkje hadde ei god økt eingong, så møtte eg iallefall opp, og prøvde. Det er det aller viktigaste.

 

Og det eg har erfart ved å vere mykje på treningssenter er jo at folk flest har nok med seg sjølve. Dei bryr seg lite om kva andre gjer og korleis andre ser ut. Vi som har redsel for å trene blant andre, har jo den redselen ofte nettopp fordi vi er redd kva andre tenker. Men tygg litt på den då. Kva trur du alle dei andre som er der tenker og? Eksakt det samme, det er jo garantert fleire med frykter og redsler som trener der! Eller så er dei bare opptatt av å få seg ei god treningsøkt og tenker på si eiga trening! 🙂

 

Vi får bare prøve å minne oss på dette, og la det stå til. Eller bare trene grytidleg slik som meg, eller ha ein PT som er ansvarleg for deg når du er der, det har eg kvar onsdag etter spinningtimen min. Eller trene med venner for å ha nokon å le med om noko skulle gå gale. Kanskje buksa skulle revne (been there, done that) og då er det jo greit å ha nokon å få latterkrampe med, i staden for å bli så flau at du bare vil forsvinne.

Eg trente aleine her ein dag, tok litt styrkeøvelser før spinningtimen, og når eg holdt på å avslutte med litt roing, oppdaga eg gedigne hol på innsida av begge låra. Det var så flaut!! Heldigvis hadde eg ein treningstights i bagen og, så eg slapp å vere instruktør med enorme hol i buksa!

Ein anna gong trena eg styrke med ei vennine, og så skulle vi på spinningtime etterpå. Dette er lenge før eg sjølv blei instruktør. Vi fant oss syklar bakerst, og ved sidan av meg sat det ein mann. Då eg skulle dra ned singleten eine gongen etter at vi hadde stått på syklane, kjente eg at det var eit hol midt i sømmen bak. Midt på rompa! Eg ANER ikkje kor lenge det hadde vore der, men fytti grisen kor flau ein blir då! Om eg hadde funne på å setje meg foran han hadde han stirra rett inn i streken på rompa mi heile den timen! Så ja, litt flauser høyrer til på eit treningssenter, så om vi bare hadde tatt oss sjølve litt mindre høgtidelig, så hadde livet vore sjukt mykje enklare å leve..

Dette innlegget skriver eg både for å skrive av meg tankar, og for å vise dere at til og med eg som elskar å trene, og som er ein del på treningssenter, og jobbar der som instruktør, har den redselen iblant og. Det er heilt normalt, og du er IKKJE aleine.

Trening er for ALLE. 

 

Klem frå Anita