Veke 16 & 17: BIKINIFITNESS

For ei fantastisk økt eg hadde i dag tidleg. Aleine på Spenst Førde mykje av økta med motiverande musikk på ørene og skikkelig gira! 20 reps på knebøy er vanligvis veldig hardt, og det var jo det i dag og, men det føltes så bra likevel! Gleder meg allerede til trening igjen i morgon!

Tidligere i dag på Snapchat (Neeten) delte eg eit bilde av meg sjølv som egentlig ikkje er så veldig utfordrande i det heile tatt, men likevel veldig ut av MI komfortsone. Det viser til og med litt mage! Eg kjenner at eg er blitt så mykje sterkare i hovudet i det siste, og eg kjenner at eg ønsker å motivere andre til å trene og ha ein sunn livsstil, men føle seg BRA NOK uansett korleis ein ser ut. Eg er langt fra der eg ønsker å vere, men eg lærer meg sjølv å bli glad i meg sjølv, slik eg er, under prosessen. La oss finne glede og mestringsfølelse along the way, bli sterkare på innsida og like oss sjølve, sjølv om vi såvidt har starta eller er langt fra ferdige på vår reise. Eg kjem vel aldri til å bli ferdig med mi reise, for eg veit at eg kan legge på meg altfor mykje på kort tid. Det har eg prøvd før. Så for meg er det å finne ein levemåte eg elskar, som eg blir glad av og som eg ikkje vil leve utan. Det skal vere gøy å trene, det skal følast godt å spise sunnare mat og eg håper denne livsstilen kan smitte over på mine barn, og at vi kan leve slik saman og dei med sine små når den tid kjem.

 

*****

 

På 2 veker no har eg gått bittelitt opp og bittelitt ned igjen på vekta, og centimeterane er litt opp og ned dei og. I går var eg skikkelig oppblåst når eg skulle måle meg, og eg hadde pluss på midje, mage og hofte, men minus eller stillstand dei andre målestadane. Eg pleier ikkje vere oppblåst om morgonen, men kanskje det blir minus igjen neste fredag då, det er jo ein fin ting 😉

IMG_6304

Snap: Neeten

Det å ha så god kontroll på maten. Eg har latt følelsane mine for mat styre meg i mange år. Det er utrulig fint å klare å ta opp kampen og faktisk vinne den. Eg er totalt sukkeravholds og eg har fullstendig kontroll over matinntaket. Eg har svært sjeldan cravings, og eg veit at suget ville komt tilbake straks eg hadde spist noko sukkerholdig. Sukkeret gjer noko i kroppen vår, som gjer at den vil bare ha meir når den har fått litt. Det er derfor mange av oss sliter med at ein bare vil ha meir, og at det ikkje funker å bare ta litt.. Meir, meir, meir… Ikkje bare timane etterpå, men dagen etter, 2 dagar etter osv. Men det gir seg etter ei stund, om ein bare klarar å vere avholds. Ikkje bare bare, men mulig er det. 🙂

 

Klem frå Anita