Veke 29: BIKINIFITNESS – Ting tar tid

You can’t rush something you want to last forever. 

Eg skreiv litt om dette på forrige innlegg og, og på gjesteinnlegg hos på lenealexandra.com. Eg har tenkt ein del på det eg skreiv heile denne veka. Og det eg og Lene Alexandra snakka om. Eg har jo eit stort ønske om å forvandle kroppen min. Etter å ha vore stygg mot den i mange år, med jojoslanking, overspising, overvekt og triste tankar, mindreverdighetskompleks og angst for kva alle andre tenker om meg, ønsker eg virkelig å vere ein av dei suksesshistoriane eg sjølv lar meg inspirere av. Eg ønsker å vise at det er fullt mulig å gå fra deprimert og misfornøgd med seg sjølv, til lykkelig og den bra nok-følelsen. Eg føler virkelig eg er godt på vei dit. Spesielt angående det å vere lykkelig. For det er eg. Takknemlig for alt eg har. Takknemlig for alt eg har lært, alle feil eg har gjort, alt eg er så heldig å få oppleve. Verdens beste jobb, familie og venner.

IMG_4970

I skrivande stund kjenner eg og på det at eg burde ikkje stresse. Eg merker jo at eg stresser med å bli fit, og at det var virkelig kjipt å gå opp igjen nokre kilo september – desember. Etter min prat med Lene Alexandra forstod eg meir at det går bra om det ikkje går så fort som eg hadde planlagt. Ho spurte meg gode spørsmål, slik eg også lærer meg å gjere i min jobb som businesscoach, der eg kunne tenke og reflektere og komme fram til svar på egenhånd. Eg fortalte ho det at hodet mitt ikkje var heilt med for tida, og at eg denne gangen ikkje klarer å bestemme meg 100% og gå all in. For det gjorde eg jo virkelig på mine 6 måneder med Teamlalifestyle i fjor. 15 kg ned på null komma niks og uten problemer, uten cravings, uten store utfordringer, fordi eg virkelig hadde BESTEMT meg. Siden eg driver og tuller rundt no, og ikkje går all in denne gangen, prøver eg å finne ut kvifor. Eg ønsker jo å stille i høst, men det er ikkje mange måneder unna, og då må eg skjerpe meg! Men då spurte Lene meg: «Har du så dårlig tid? Hva skal du rekke? Hva om det tar lenger tid? Vil du ikke nå målet da?»

Det slo meg jo då. Kvifor har eg så dårlig tid? Kvifor føler eg at eg MÅ stille i høst? Kanskje det hadde vore enklare å tenke at eg vil nå det, kanskje seinare om så, om eg faktisk ikkje stresser med det. Men det krever så klart like mykje jobb. Riktig kost, matbokser, dagleg aktivitet, styrkeøkter fleire ganger i veka. Men det er jo slik eg ønsker å leve. Det er jo slik eg vil ha LIVET mitt! Då Lene sa til meg at ho trudde at mitt mål med denne prosessen var livsstilsendring og mestring, skjønte eg jo at det er jo akkurat det det er. Eg drømmer om bikinifitness, men veien dit må jo vere å endre livsstilen til sunnare vaner som gjer at eg aldri faller tilbake i gamle vaner. Gamle vaner som faktisk gjer meg ulykkelig i kropp og sinn. Eg vil etablere dei sunne vanene, eg vil vere den eg ser for meg, med matbokser, rein mat og treningsøkter. Eg vil vere eit sunt forbilde for mine barn, ikkje ei som er mistrivast i egen kropp og som spiser usunt. Dess bedre vaner eg som mor har, dess bedre vaner får barna mine. Så enkelt er det.

img_9600

Lene spurte meg kva som var viktigast. Bikinifitness eller helsa? Svaret er sjølvsagt! Og det gjorde meg meget godt å få det heilt fullstendig oppklart! Helsa mi er min prioritet nr.1! Har eg ikkje helsa, har eg ingenting! Så eg vil fokusere på helsa, treningsglede og ha det gøy istaden for å stresse framover. Så klart skal eg følge dietten og treningsprogrammet, men det gjer ingenting om eg faller av dietten bare ein dag, eller trener noko anna ein dag. DET GÅR BRA, bare eg kjem meg tilbake i riktig spor. Dette sa Lene også til meg: «Sjansen for tilbakefall er større om du går all in og presser deg til konkurranse enn om du tar ting gradvis og rolig. Easy come, easy go.» Tenk så rett ho har. Og takk for oppklaringa 🙂

img_7233

Så mi veke på bikinifitness denne veka har vore lite trening og heldigvis mange matbokser. Men og mykje tankar og refleksjoner, noko som gjer veldig godt, og som førte til oppklaring. Bare eg skriver om dette no kjenner eg at det blir endå meir oppklarande. Eg gleder meg til trening med Hilde i morgen. Vi har som mål å slå den gamle rekorden vår fra julestevnet i desember, på neste julestevne om 11 måneder. Vi må jo begynne tidlig, og ha delmål på veien 🙂 Ser og fram til tirsdagstrening med PT Ingvild, alltid kjekt å løfte tungt med ho ved min side.

 Ellers kommande veke blir det å bli enda meir strukturert på dietten, det er ikkje verre enn å bare følge det som står! Og uansett kor lang tid det tar, I will get there. If not this year, maybe next.

img_0718

Snapchat: Neeten