Veke 8: BIKINIFITNESS

The best feeling in the whole world is watching things finally fall into place after watching them fall apart for so long. Dette sitatet gjorde noko med meg. Det tok meg. Big time. Etter mange år med jojoslanking, frå overvekt til «nei, no er du blitt så tynn, no må du slutte!» og til overvekt igjen. Eg grøsser bare ved tanken. Eg er så lei av det. Men i dag når eg las dette sitatet slo det meg at DEN følelsen der, den har eg no. Ting begynner å falle på plass. Ting går lett. Eg blir meg sjølv igjen. For ein eminent følelse. Etter så mange år med kav og stress for å komme dit eg føler meg vel. Til å komme dit eg føler meg som meg igjen. Vel, eg kan med sikkerhet seie at eg føler meg meir og meir som meg igjen. Bare ein enda betre versjon enn kva eg nokon gong har vore før. Mentalt.

  IMG_4253

Eg spiser framleis mykje mat dere, eg kunne ønske alle kunne forstå at det hjelper ikkje kroppen og forbrenninga di å la vere å spise. Men eg er heller ikkje den som unngår detoxer og kickstart. For slike redninger er gull for dei som treng det. Ein rask kickstart på nokre få dagar eller ein detox, der du får ut mykje avfallstoff som har lagra seg innvendig. Vi menneske kan faktisk lagre opptil 6 kg «drit» i kroppen. Eg har prøvd både 9 dagers og 14 dagers, og det er heilt fenomenale sluttresultat på desse. Det beste med ein restart og boost av kroppen som vi får i løpet av desse få dagane er faktisk mestringsfølelsen. Og når ein har meistra eit slikt regime over ei kort stund, føler ein seg uovervinneleg og har kanskje fått den ekstra gutsen til å fortsetje med sunne vanar og sunn livsstil. Natural Detox som eg tok for ei god stund sidan sitjer endå i minnet, den er heilt eneståande.

IMG_4352

Men denne gongen spiser eg altså over 2000 kaloriar kvar dag. Og i heile 2 månadar har eg spist det same. Kvar dag. Eg spiser poteter/søtpoteter/speltlomper som karbohydratkjelde + havregryn. Og eg spiser reint kjøt + egg som proteinkjelde. Fettet får eg og frå egg, laks og nøtter. Eg spiser mykje grønt, blant anna 1 brokkoli for dagen eller mykje agurk og ruccola. Måltida mine er veldig like, sjølv om eg kan variere og, men det er same matvarene kvar dag. Over tid har dette litt å seie på vektnedgangen. Men ein skal kunne leve med det og, eg veit endå ikkje kva eg kjem til å gjere etter bikinifitness-dietten er ferdig i september, kanskje eg fortsetter slik? Eg kjenner meg sjølv godt nok til å vite at eg kan prestere å falle av lasset, men med gode nok forberedelsar, mykje mental trening og planlegging så vil det gå bra då og! Men endå er det 4 månadar igjen. Heldigvis 😉

  IMG_5039

Det er tid for vekas resultat. Eg er ganske fornøgd, det kan eg trygt seie.

Det er verkeleg sant det ordtaket: «Fall in love with the process and the results will come.»

Så, etter heile 2 månadar under Lene Alexandra’s coaching er dette resultatet for veke 8:

Bryst: -0,4 cm

Midje: -1,0 cm

Mage: -2,5 cm

Hofte: -1,5 cm

Rumpe: -0,5 cm

Lår: -1,8 cm

Arm: -0,2 cm

= 7,9 cm mindre enn forrige veke. Totalt er eg no 37,3 cm mindre. HURRA!! Det er jo heilt vilt.

Vekt: – 1,5 kg sidan forrige fredag! Totalt 7,4 kg i minus, det vil seie nesten 1 kg vektnedgang i veka, sidan vi har holdt på i 8 veker.

No har eg mykje å ta av, så det er jo veldig varierande kva resultat ein har når ein får så mykje mat. Men med  mykje styrketrening i tillegg blir og resten av Team LA Lifestyle mykje strammare, sprekare og smalare. Kanskje eg og ein dag kjem dit at eg blir stram? 😉 Eit mål langt der framme. Men eg er sikker på at fortset eg med styrketrening og rein kost som dette kan det skje store og fantastiske endringar med kroppen min. Vi må bare klare å sjå at det vil ta tid, og at tida det tar er verdt det. Det gjelder for oss alle. 

Det er jo helg, er det ikkje deilig?! Og det er steikande varm sommarsol ute! Kanskje dere kan nyte helga med litt av mine svakhetar innanfor «sunnare» godis?? IMG_2847IMG_2930

Mykje av dette kan eg ikkje spise for tida, men det gjør ingenting, eg føler meg så bra at det er verkeleg «worth the wait» 😉

God helg dere, og stikk innom på Snapchat om dere vil følge meg bak kulissene: Neeten

Følg meg gjerne på Facebook og Instagram

IMG_4971