Eg ØNSKA meg dette livet!

Og når vi jobber hardt for drømmane og måla våre, blir det til slutt virkelighet.

 

Tilbake til då eg var kanskje sånn 20 år.

Eg husker at eg høyrte om dei som var på trening. Eg hadde jo sjølv trent idrett før, både fotball og volleyball, men det er ikkje heilt sånn trening eg meiner. Eg meiner trening på treningssenter.

 

Eg husker at når eg høyrde om dei som var på denne treninga, at eg og ville bli ein slik. Ei som «var på trening».

 

Eg gjekk deretter 1 år på folkehøgskule, idrettslinje med fokus på volleyball og telemark. Eit fantastisk år.

Men så, kva skjedde?

Ingen trening.

Nokre år seinare prøvde eg meg på Idrettslinja på høgskulen i Sogndal, men hoppa av. Kvifor? Det var jo ein grunn til at eg hadde valgt det. Det låg eit ønske langt inne om å gjere meir ut av trening.

 

Det morsomme er jo at eg hoppa vidare på lærarstudiet i Sogndal, men hoppa vidare derfra 1,5 år etter. Jaja, vi lærer så lenge vi lever. Etter all denne hoppinga ga eg opp skule ei stund, jobba heller og fokuserte på den lille familien eg då hadde.

 

Men eg drømte endå om å vere ei som trente. Ei som var på trening.

Det einaste eg då gjorde av fysisk aktivitet var å gå tur med elghunden vi då hadde.

Men drømmen var der. Drømmen om å vere ei treningsjente. Ei treningsmamma.

 

Spol cirka 5 år fram.

Ny mann, 1 nytt barn, ny hund.

Mange kilo tyngre, deprimert og redd for å vise meg ute.

Kva kunne gjerast?

Trening?

 

JA!

 

Eg hadde framleis drømmen om å vere ho som trente.

No måtte eg gjere noko med det, før eg blei så trist og tjukk at livet bare gjekk fra meg.

 

Drømmen om å vere ei som trente, og å bli sprekare igjen, fekk meg til å bestille timar hos personleg trenar.

Og det var dei timane hos PT på Spenst Førde som gjorde at eg falt for styrketrening på treningssenter.

Det var akkurat dette som no har gjort meg til PERSONLEG TRENAR på samme treningssenteret eg sjølv starta mi vanvittige reise.

At eg no arbeider på treningssenter og no ER den treningsjenta eg drømte om så utrulig lenge

er jo ein drøm som har gått i oppfyllelse!

 

Eg ga aldri opp håpet, eg ga aldri opp drømmen.

No står eg her, så glad for jobben min, for at eg elsker det eg gjer, og for at treninga på senteret redda meg ut av depresjon og sosial angst. Sjølv om eg ikkje er tynn (treng ikkje vere det veit du), så er eg sprekare, sterkare, lettare til sinns og LYKKELIG!

 

Eg ga aldri opp håpet.

No er eg ho som trener.

No er eg ho som er på trening.

No er eg treningsjente.

Treningsmamma.

Det var drømmen det.

Og den gjorde EG til virkelighet.

Eg ØNSKA meg dette livet.

Eg er så heldig at gråter nesten når eg skriver dette.

TAKK for all støtte gjennom vanskelege år.

No har eg det bra no!

Det var verdt den lange reisa.

 

 

Klem fra Anita