Frå 20 års kroppskrig og dietthode til … ?

ALL OR NOTHING NO MORE!

Etter at eg starta med mine første restriksjoner i kosthaldet for 20 år sidan, har eg trudd at eg måtte vere all or nothing. Då eg som 14-15 åring ville klare 6 månadar utan sukker, var jo det kjempebra jobba, tenkte eg. Lite visste eg då at det var starten på eit liv med problematisk forhold til mat, restriksjoner og dårleg samvittighet, overspising, bulimi og uendelige kostplanar. Og ikkje minst for å snakke om overvekt, jojoslanking til den store gullmedaljen, vanvittig lav sjølvtillit i periodar, og følelsen av å ikkje  vere verdt noko når kiloane kom krypande tilbake på den stakkars kroppen.

For ein kamp det har vore. Det er ganske trist å tenke tilbake på at eg har hatt mat som hovudproblem i 20 år. Det er jammen lenge det. På same tid er eg glad for alt eg har vore gjennom, erfart og lært. Eg skal no fralære meg mitt dietthovud og kostplan-avhengighet. Eg skal fralære meg kaloritelling og mine strenge daglege krav, som bare gir meg dårleg samvittighet likevel. Eg skal kutte ut restriksjoner, og dermed klare å kutte ned på overspising. Eg skal gjere mykje nytt, mykje annleis, og eg ser fram til å lære meg den «vanlege» måten å spise på igjen, etter at eg gløymte det heilt den gongen alt starta tidleg i ungdomsåra.

Eg skal fokusere på fargene på tallerkenen min istadenfor kaloriane. Farger frå frukt og grønt vil hjelpe meg å sjå at eg spiser gode måltid som gir kroppen riktig næring. Eg veit veldig godt kva mat som hjelper kroppen min, og eg skal passe på å spise mykje av det sunne fettet, byggande proteiner og dei beste karbohydratane. Eg skal jobbe med mindful eating og ikkje å følge ein kostplan. Dette blir ein vanskelig jobb, men eg har ikkje dårleg tid. Eg skal klare det.

Denne gongen blir det ikkje eit håp om å gå ned kiloane igjen raskast mogleg. Å gå ned raskt klarer eg kun om eg følger ein oppsatt plan. Og det er akkurat det eg ikkje ønsker lenger. Å følge ein plan med ja og nei-mat, med restriksjoner og krav. Eg skal fokusere på fysisk aktivitet og gjere det som gjer meg glad (trening og tur), spise det som gjer kroppen min bra (rein og næringsrik mat), og eg skal ikkje nekte meg noko. Eg er heilt sikker på at dette vil hjelpe meg å slutte med overspising. Om eg så spiser litt for mykje ein kveld eller to, så er det ok! Fordi eg er ein work in progress. Eg har lov å kose meg, og den tidlegare nei-maten blir no av og til-mat.

Eg skal fokusere på bedre søvn og bygge grunnleggande vaner. Det at eg har fått til vatn-målet mitt om 2 liter kvar dag i 3 månadar no, viser at det funker å fokusere på ei vane om gongen i fleire månadar. Når denne vanen har satt seg så godt den overhodet kan, skal eg jobbe endå meir med søvnen. For den er så mykje viktigare enn vi trur. Det å få kvalitetsøvn når vi først søv. Dette er vaner som vil hjelpe meg helsemessig i det lange løp. Og det at mange meinar at det tar 21 dagar, eller 30, eller 60, eller 90 dagar å feste ein vane, så er eg litt uenig i det. Eg føler det er meir ei livsvarig endring, som vi alltid må tenke over. Men det blir jo enklare etterkvart som tida går. No går det nesten automatisk å fylle på vatnflaska kvar gong den blir tom, og det er jo ei god vane som er begynt å feste seg. Men som eg må jobbe med mykje lenger enn dei 90 dagane som allerede har gått.

Eg skal bli flinkare å skrive til dere og. Etter den ville responsen på innlegget om det svarte holet og min sosiale angst som er komt tilbake, så veit eg at mange støtter meg, og mange føler det same, og vi er mange i same båt. Dette er ikkje tabu, dette er noko vi bør snakke om. Eg ser fram til å bli meir åpen og ærleg med dere. Derfor trur eg at 2019 blir eit transformasjonsår for meg. Ikkje eit transformasjonår i form av endring i kropp, men heller endring i mental helse! Dette blir det året eg endelig tørr å snakke ut om ting mens eg står i det, ikkje fleire år etterpå. Eg trur faktisk at kroppen vil endre seg litt etter litt, til det bedre uansett eg, nettopp fordi eg skal bli snillare med den. Og eg skal dele mine tankar, som igjen gjer at eg får det bedre psykisk.

 

Eg håper eg kan vere til hjelp for andre som kjemper den same kampen. Og ikkje nøl med å ta kontakt om du treng det.

 

Klem frå Anita