I dag er dagen!

Dagen eg har venta lenge på!

I dag er dagen eg lanserte mitt første heimelaga online produkt! Og eg er så stolt!

 

Det er jo bare eit PDF-hefte med ei sjekkliste inni, men det er virkelig ikkje BARE det for meg! Dette er virkelig seriøst arbeid gjennom blod, svette og tårer! I alle fall tårer, frustrasjon, gransking av eigen vilje til å ville noko sterkt nok, og tekniske dataproblemer. Bare det å sette opp ein plattform, lage linker og nettsider, bygge epost-liste og få til alt det der er så ikkje meg! Det har virkelig vore ei mega utfordring! Det har vore kjempevanskelig, men når eg endelig no etter så lang tid har fått laga mitt første produkt er det jo så verdt det. Eg har framleis mykje å lære og sette meg inn i, men no er eg i gang!

 

Det er så godt at eg endelig får dele det eg virkelig synast er viktig. Eg kunne ønske eg nådde ut til endå fleire, men eg skal gjere mitt beste for å hjelpe dei som faktisk bruker mitt materiale. Om eg bare får hjelpe nokre få til bedre sjølvfølelse, føle seg bra nok i eigen kropp, og få bedre psykisk og fysisk helse, så er det virkelig ein seier for meg!

 

Følg linken for å lese meir, og laste ned den heilt gratis sjekklista di!

 

SELFLOVE SJEKKLISTE SOMMAR 2020

 

Takk for titten!

 

Klem fra Anita