Jakten på lykke

KROPP ER TOPP!

Kropp er topp uansett korleis den ser ut! Alle kropper er «sommerkroppen» og «bikinikroppen»! Ikkje sant?! Og det meinar eg virkelig! All ære til alle ulike kropper i bikini! Men personleg syns eg det er vanvittig vanskelig.. Korleis greier dere det? Dere som går med singlet, dere med bikini og dere med bukse uten å måtte ha ein overdel som går nedanfor rumpa?

 

Eg og skal klare det ein dag. Å kunne gå med singlet utan å vere redd for blikk. Å kunne drite i korleis armane ser ut, og bare føle meg som ei av alle som så klart går med singlet (og ikkje langarma) på kokvarme dagar. For eg har cellulitter på overarmane av alle ting. Det er ikkje like normalt som appelsinhud på lår og rumpe, men nokre av oss har på armar og. Men etter mange vektnedganger veit eg at cellulittane forsvinner meir og meir. Kanskje ikkje fullstendig, men det er ikkje det eg er ute etter, for litt skal vi kvinnfolk ha, det er heilt normalt og ikkje noko vi bør skamme oss over. Men er det då dumt av meg å ville gå ned nokre kilo for å sleppe å ha mykje cellulittar? Eg føler at eg ikkje heilt klarer å stå for den «kropp er topp, no matter what!» då. Men det er jo det eg egentlig vil, og egentlig meinar! Eg synast vi alle burde like oss sjølve slik vi er. Og eg digger dei som gjer det, så vilt respekt for dere altså! Men sjølv syns eg jammen det er vanskelig..

 

For øyeblikket får eg det altså ikkje heilt til. Derfor har eg bestemt meg for å delta i eit styrkeløftstevne i år. Det blir så innmari ut av komfortsonen, at eg trur eg tisser på meg. Noko eg muligens kjem til å gjere på grunn av dei svært tunga løfta eg har planer om å utføre 😉 Det å ha min første debut innen styrkeløft som overvektig, og godt med appelsinhud og valker her og der, er bare noko eg må gjere. Styrkeløftstevnet BLIR, uansett korleis eg ser ut. Så no er det bare å begynne å jobbe med sjølfølelsen. Til dei grader.

Og kva skal eg så gjere for å bli meir glad i meg sjølv?

Det første eg kjem på er å skrive kva eg er takknemlig for kvar dag med kroppen min. Kva den kan gjere, og minne meg på kva eg likar med den. «Gratitudes» skriv eg jo allerede kvar dag, så framover får det med kroppen vere prioritet å vere takknemlig for. Det andre eg kjem på er at eg kan sjå Youtube-videoer og TedTalks. Der har eg allerede funne mykje bra inspirasjon, frå dei som har lært seg å like seg sjølv og dei som kjemper same kampen. Og så klart maten eg spis. Eg veit at mat vi inntek kan ha mykje å seie for om vi er deprimerte eller meir energiske og glade! Visste du dette?!? Tenk på det om du føler deg veldig sliten og nedfor i perioder du ikkje har så godt kosthald, kanskje det er noko i det eg skriv her? Ellers er turar og trening det som gir meg mest den kjempeglade følelsen, og det gjer meg stolt av meg sjølv, så fysisk aktivitet er sjølvsagt i ein prosess mot å like meg sjølv. Og det å ta seg tid til barna, leike med dei, kose med dei og le med dei. Eg elsker å sjå barna mine glade og fornøgde!

Eg gleder meg så innmari til månadane framover mot stevnet. No skal eg bli sterkare og ikkje kvile på laurbæra. Eg har allerede utstyret eg treng, for dette har vore min draum lenge! No skal det ikkje utsetjast lenger! I år skal det skje! 7.september 2019 skal eg løfte på mitt første styrkeløftstevne! I løftedrakt og alt som er! Så sjukt utanfor komfortsona! Men akkurat difor skal eg jobbe meg framover med å bli sterkare både mentalt og fysisk i tida mot stevnet! Gleder meg til å dele tida framover med DEG!

 

 

Takk for titten.

 

Klem frå Anita