Snakk om dritten du ikkje har lyst å snakke om.

Eg ser makta i å snakke om ting vi ikkje vil snakke om. Dei fæle tinga. Det som gjer det ukomfortabelt, og det du frykter vil få andre til å endre syn på deg.. Det er det verdifulle, det er det som får folk til å lytte.

 

Eg snakkar om dritten vi ikkje vil snakke om. Med tekstane mine deler eg mine innerste tankar og vanskelige følelser. Det er noko eg nylig har begynt med, for å forstå meg sjølv bedre, for å helbrede meg sjølv, og skrive av meg alt det mørke eg sit inne med. Eg håper med alt eg skriver at fleire vil forstå meir av korleis VI har det. Vi som kjemper kvar dag gjennom angst og spiseforstyrrelse. Og når andre i liknande situasjoner har det vanskelig, håper eg at det kan hjelpe å lese om andre likesinna, og som setter ord på det vi går gjennom. Eg har aldri vore så åpen før, så for mine nærmaste er det nok eit sjokk her og der i tekstane mine. Dette er fordi eg alltid har vore aleine om følelsene mine. Innelåst med så mange følelser. Så å dele så mykje, så ærleg, så ekte, det er skummelt på ein måte, men det er også styrkande, å ikkje måtte skjule meg for nokon lenger. Og vi alle sliter med forskjellige ting. Det gjer godt å vite det, ikkje sant? At vi alle er i samme sko, bare med ulike vanskeligheter?

 

*****

 

Eg leiter stadig etter kvifor eg sliter psykisk. Har du ein psykisk lidelse? Kan denne lidelsen komme fra at du ønsker å vere perfekt, og ikkje våger å vise den ekte deg til omverdenen? Den du er, slik du virkelig ser ut, den ekte deg? Eg veit ikkje kva det kjem fra, men dette er nok grunnen til angsten min. Det er derfor eg har vore deprimert tidlegare. Det er kanskje derfor eg har overspisingslidelse og bulimi i min forhistorie. Som eg kjemper dagleg gjennom endå. Å finne eit balansert forhold til mat er det endelige målet. Og saman med det finne balanserte forhold i andre ting i livet og. Og bli fornøgd og glad i egen kropp.

 

Kvifor må eg vere perfekt? Og kva er egentlig perfekt? Som eg skreiv i dette innlegget har eg tidlegare lagt verdien min i å sjå bra ut. Og helst slank. Har du lagt din verdi i korleis du ser ut?? Er du ein perfeksjonist som absolutt ikkje får det til, slik som meg?! Dagens reklame, og alt vi ser rundt oss, gjer det iallfall ikkje enklare for oss. Sosiale media danner faktisk eit bilde som gir kvinner ein falsk oppfatning av korleis vi burde sjå ut! Vi treng å sjå meir normale kropper! Når modeller må ha eit midjemål som kun fåtallet har, så er det ikkje dette som er det normale. Og legg modellane på seg, får dei ikkje jobbe mange stader lenger. Modeller får dermed komplekser og spiseforstyrrelser. Til og med angst, depresjon og rusavhengighet. Kortid skal vi forstå dette? At det er ingenting å hige etter, fordi det gir oss ingen lykke. Tvert imot gir det oss psykiske lidelser vi vil vere foruten.

 

I tillegg til å ha vore ei som drømte om å vere slank og perfekt, har eg alltid vore ei som ikkje vil lage oppstyr. Eg vil aldri vere til bry, og eg gjer alt eg kan for at andre ikkje skal måtte gjere noko ekstra, for meg eller på grunn av meg. Når eg har vore til bry, har det vore utruleg vanskelig, sjølv om eg kanskje burde stå på mine krav, eller iallfall la det stå til, og deretter riste det av meg. Men det er ikkje så enkelt. Det er faktisk kjempeslitsomt.. Men som dere veit, så jobber eg meg gjennom alt dette. Eg prøver å forstå. Eg lærer og utdanner meg sjølv. Eg bruker mykje tid på akkurat dette. 2019 er mitt transformasjonsår i mental retning, det har det virkelig vore til no. Kun halvveis i året endå, og har mykje å lære om meg sjølv endå.

 

*****

 

Kanskje blir vi aldri heilt friske. Det finnast ingen spesiell kur.. Men vi veit kva som jobbast med; Det mentale. Realiteten når vi lever med psykiske vanskar og spiseforstyrrelser er at det svinger. Det kjem og går. Og ting vil bli bedre, veldig mykje bedre. Og du vil bli gladare. Og ting blir lettare. Men dei blir aldri feilfrie, du blir aldri heilt kvitt tvilen. Ting vil aldri gå heilt feilfritt. Livet vil alltid ha uperfekte deler. Og vi må bare forstå at det er greit. Vi vil alltid måtte kjempe, men stort sett skal vi vinne kampen. Livet er ikkje ein dans på roser. Og perfekte? Det er det ingen av oss som er! Og godt er det. 🙂

 

Takk for at du les.

Klem fra Anita