Sunt forhold til smågodt

I helga fekk eg jammen dette til altså. For ein glede. For ein liten (stor) mestringsfølelse for meg. Og det dreier seg ikkje om at eg kun holdt meg til lørdag, eller antall biter. Det handlar om at eg ikkje spiste til eg stupte på lørdag, eg ga meg når eg kikka opp i posen og ikkje klarte å velge kva bit eg egentlig hadde lyst på. Då ga eg meg, for det er eit sikkert teikn (i mitt hovud) at eg har fått nok.

Eg hadde meir snop igjen til søndag, og då vart det litt då og. Men ikkje alt. Åneida. Før hadde eg spist alt opp koste kva det koste vil, enten lørdag eller søndag. For eg skulle jo ikkje få smake noko sånt igjen før neste helg! Men denne følelsen har eg ikkje no. Eg lar meg ikkje ha den. Om eg har lyst på godteri på ein mandag, noko som er jo nesten garantert etter ei helg med godis, så kanskje eg bare skal gi meg lov til å spise litt godteri på ein mandag? Tenk på det? Mulig? Og ja, det gjorde eg i dag. Ja, eg spiste smågodt til frokost! Men det var bare litt, det lille som var igjen i posen.

No, mandagskveld, har eg ingen cravings etter smågodt, eg klarer meg fint med kun vatnet mitt og er framleis ganske fornøgd etter middagen. Som for øvrig var fiskeboller i kvit saus. Noko som var fy-fy tidlegare på grunn av kveitemjøl i sausen. Men nam altså! Fiskeboller i kvit saus med poteter, gulrøtter og bacon er noko av det beste eg veit! Det står ikkje på nei-lista mi no lenger. Det står forresten ingenting på nei-lista mi lenger!

Sjølv om eg spiste smågodt lørdagskveld, søndagskveld og mandagsmorgen, så har eg ikkje spist på langt nær så mykje godteri som tidlegare helger. Dessutan kjøpte vi ikkje eingong like mykje som vi har kjøpt før! Eg gjekk ikkje berserk i «godtebutikken» (Europris), og det gjer meg endå meir fornøgd med helgas innsats.

Eg føler at eg nærmar meg eit bedre spor. Eit sunnare forhold til smågodt. Det har eg ikkje hatt på evigheter! Mitt forhold til smågodt skal bli sunt, fordi eg ikkje skal nekte meg det, det er ikkje forbudt, det er ikkje nei-mat. Smågodt no er heilt lovleg, det er av og til-mat, og det skal ikkje gi meg den grusomme, dårlege samvittigheten som det ga meg før.

Eg prøver meg fram her altså, eg testar og ser kva som kan passe for MEG. Men eg håpar jo at andre kanskje finner glede og inspirasjon i det eg skriv, fordi eg veit at det er veldig mange der ute med eit vanskelig forhold til mat. Mange fleire enn vi trur!

 

Eg har aldri skjønt dei som kjøper inn mengder med snacks, chips, kjekspakker og sjokolader, og klarer å la det ligge i fred. Men no føler eg iallefall at eg fint skal klare å vente til laurdag med å kjøpe meir smågodt. MEN om eg skulle få innmari lyst på smågodt, for eksempel no på onsdag, kva då? Jo, kanskje det ER lov å kjøpe med seg nokre favorittbitar heim, og nyte dei, og tenke at det føltes godt, og til og med lovleg, og at det holdt?

 

Kanskje eg finn min egen måte å gjere dette på. Kanskje eg blir ein av dei som klarer å bare kjøpe litt, og derfor bare spise litt? Det hadde funka utmerket for meg. Vi får sjå kva tiden bringer. Eg er iallefall storfornøgd med helgas innsats, følelser og samvittighet.

 

 

Klem frå Anita