Under kniven..

Då eg var på mitt tyngste, var eg desperat etter å føle meg attraktiv igjen. Eg måtte bli god nok igjen. Eg trudde at å legge meg under kniven skulle hjelpe meg dit. No sit eg igjen med at dette desperate forsøket på å bli «tynn og flott» var kun ei læring eg trengte. Men eg skulle gjerne vore foruten..

Etter min mini-bukplastikk (PS.Den føltes ikkje som noko mini bare for å understreke det!) skulle eg ta bilete kvar dag i same posisjon og sjå hevelsen gå ned. Eg tok bilete kvar dag. Men lite skjedde. Operasjon og fleire veker med smertehelvete skulle endelig gi meg flat mage. Dette skjedde ikkje for meg.

Så klart visste legen kva han gjorde. Eg seier ikkje at han ikkje var ein flink lege. Men eg fekk ikkje vite kvifor magen framleis var «rund og god» før på kontrollen 3 månadar etter operasjon. Eg gråt mine bitre tårer, medan eg forklarte at eg ikkje skjønte kvifor magen ikkje hadde endra seg noko særleg. Eg hadde gått under kniven, levd i smerter dag og natt, sove i same stilling på sofaen om nettene, ikkje klart å bevege meg, måtte få hjelp til å bare reise meg frå liggande stilling, grua meg til å gå på do fordi eg måtte ta av meg pølseskinnet av ein body eg hadde på meg, fått hjelp til matlaging og hundelufting, kun tatt 1 veke fri frå jobb, og gjekk tilbake på jobb i eit smertehelvete. Eg husker spesielt den pennen eg mista ned på golvet første jobbevakta etter operasjonen. Eg måtte ta den opp igjen, utan å sjå heilt «hemma» ut, eg trudde seriøst stinga skulle revne, og såret skulle åpne seg, og eg måtte bare late som ingenting. ALT dette for ingenting..

Legen forklarte at han ikkje hadde sydd inn bukveggen min, fordi eg hadde sagt før operasjonen at eg skulle nok ha fleire born. Då hadde eg kun mi lille frøken som var rundt 4-5 år. No i etterkant har eg fått lov å komme inn igjen og få gratis behandling, der eg kan få sy inn bukveggen. No når eg er ferdig med å lage barn. Men eg er ikkje sikker på om eg ønsker det uansett. Tiden vil vise..

 

Det einaste eg sit igjen med er eit langt arr langs magen, og ein fryktelig vond krampefølelse som gjer at eg ikkje alltid kan bøye meg fort, utan å måtte gå tilbake i startposisjon og vente til smerten har gitt seg. Og at eit punkt på magen står rett ut ved ulike øvelser, for eksempel på trening. Ikkje akkurat så mykje å rope hurra for. Men psykisk sit eg igjen med alt eg har lært av å gå under kniven, kor viktig det er å bli glad i seg sjølv før radikale tiltak og korleis eg kan hjelpe andre, spesielt mine barn, med å sjå kor mykje dei er verdt uansett korleis dei ser ut.

Alt vi gjer er på grunn av følelser… Så å jobbe seg sterkare mentalt er kjempeviktig! Hjelp meg å styrke barna til den neste generasjon frå tidleg alder. Dei treng det så innmari..

*****

No vil eg bare vere god nok som eg er. Med arr på magen, med appelsinhud og dobbelhake, med tatoveringer eg kunne latt vere, og med mine korte, chubby fingre med meir.. Og UTAN sjiraffvipper, hairextensions og solbrun hud. Ja, no vil eg bare vere god nok som eg er. Den eg er innerst inne. Den som VIRKELIG betyr noko.

 

 

Takk for at du les.

 

Klem frå Anita