Veke 26: BIKINIFITNESS – All or nothing

No sitter eg her, dagen før nyttårsafta og funderer. Lurer på kvifor eg er så «all or nothing». Det var godt å finne ut av at eg faktisk er «all or nothing». For då kan eg finne ut kvifor eg er det, og korleis eg gjer noko med det. Men det er jammen litt travelt og. Å vere det meiner eg. All or nothing.

Det er dog ikkje travelt når eg er «all» i den fitnessbobla. Når eg er disiplinert på kosthaldet og kjem meg på trening når eg har planlagt det. Då føler eg meg så flink, glad og på riktig veg mot mitt mål og mine drømmer.

Men når eg er i «nothing»-modus. Då følast alt så vanskelig. Den dårlege samvittigheten spiser meg opp. Akkurat som meg sjølv når eg spiser alt eg kjem over. Grunnen til at eg tenkte eg skulle skrive om dette, er fordi det kan umulig vere kun eg som har det sånn. Som er sånn. Eg håper at dei andre som er sånn, som har det sånn, føler det hjelper å lese om ei til som har det likeins. Det seiast jo at man er sterk når man viser svakhet. Så då prøver eg det.

Eg har vore innom eit års bulimi-tendensar der eg spiste sjukt mykje, og etterpå hjalp eg kroppen å kvitte seg med det. Dette var i 2012-2013. Samvittigheten var under kontroll då, og eg gjekk ned i vekt, sjølv om eg kunne spise alt eg ville. Men då eg las om ei som faktisk hadde falt om inne på badet og ikkje våkna til live igjen, så måtte eg slutte. Eg hadde gått ned mange kilo på å gjere det på denne måten, men eg kunne ikkje risikere livet mitt, når eg har små barn som treng meg, og som ville fått eit heilt anna liv om mamma ikkje hadde vore tilstades.

Eg gjekk opp igjen mange kilo, og måtte på badet nokre få gonger i ettertid. Men no har eg slutta heilt. Men i tankane ligg den enkle muligheten endå. Dei periodane eg er «nothing», eller skal vi seie «all in» på overspising, binging og spiser alt eg kjem over. Men eg gjer det likevel ikkje. Og då kjem den dårlege samvittigheten snikande. Eller som ei bombe kan man heller seie. Og kiloane og. Kapow! Kapow! Kapow! Vips, så var eg mange kg tyngre igjen!

img_1189

Dette skulle egentlig vere eit sammendrag og ei oppsummering fra veke 26 i min bikinifitnessreise, og saman med nye Bikiniakademiet er det veke 4. Eg blir så imponert av dei andre i bikinifitnessteamet, mange av dei har magiske resultat og har gjort ein formidabel innsats gjennom julemånadens fristelser! Eg er glad for at eg er så heldig å bli inspirert av desse jentene og får følge deira prosess. Samtidig er eg glad for å sjå at fleire som meg, at julas fristelser blei for store og litt av det man skulle halde seg unna likevel gjekk inn i munnholet. Vi er mange på denne reisa, og eg er så glad for å vere blant denne gjengen.

Denne veka har eg ikkje turt å måle og vege meg, sjølv om eg skulle gjort det i går, og sendt rapport seinast i dag tidleg. Eg føler det ikkje er vits i, men eg må vel bare bite i det sure eplet. Eg er sikkert så oppblåst og har gått opp igjen dei cm og gramma eg gjekk ned forrige veke. Forrige veke var veldig bra, og eg trudde eg var på riktig spor igjen. Men det var bare ein liten smak på noko sukkerhaldig som gjorde til at alt gjekk skeis. Kvifor klarer eg ikkje å nøye meg med ein smakebit, eit kakestykke eller ein sjokolade? Sukkeret trigger meg, og hjernen min seier bare «meir, meir meir».

Eg er klar igjen for å prøve på nytt. Endå ein gong. 2.januar startar eg Helvetesveka saman med nesten 30 andre, det blir heilt fantastisk etter ei jul som ikkje vart heilt som planlagt. Då er eg innstilt og klar for å fortsetje ferda mot målet mitt. Sidan eg allerede har problem med overspising, og «all or nothing»-tendensen er eg jo spent, og redd, for korleis det skal gå etter at eg endelig har nådd målet mitt.

Det eg har lært av fra september, oktober og november 2016 er jo at eg treng framleis bistand, støtte og hjelp for å få til dette her. Det sklei heilt ut då vi var ferdige med runde 1 i TeamLA. Eg gjekk opp nokre kilo igjen og mista kontrollen. Difor har eg ikkje komt meg heilt inn igjen i sporet i runde 2. Men det kjem. Det tar bare litt ekstra lang tid denne gongen. Det følast godt å vite litt bedre korleis eg skal gjere det vidare det kommande året. Eg tenker jo å trene både mot bikinifitness og styrkeløft, samtidig som eg utfordrer meg sjølv i crossfit-boksen.

img_0730

Eg er no glad eg skreiv dette av meg. Og eg håper det kan vere til hjelp for andre som kanskje har det på same eller lignande måte.  Det hjalp iallefall meg. Eg klarer ikkje å snu alt i dag, men eg skal lære meg denne balansen. Det HAR blitt bedre, men eg er bare menneskelig, eg faller av nokre gonger. Men eg skal klare dette. Og i forhold til kor eg var før, så er eg godt på veg i riktig retning. Til tross for mine «nothing»-perioder.

Eg håper alle som «falt av» i jula klarer å legge det bak seg, og sjå framover. Vi er saman om dette. La oss gjere 2017 til vårt beste år. Året vi beseirer hjernen som prøver å lure oss. Kontrollere oss. Året vi blir venner med kroppen vår. Eg veit det er mulig. Veit du?

 

Klem fra Anita