Happy new year with a warning

Mirror, mirror on the wall, I´ll always get up after I fall. And whether I run, walk or have to crawl, I´ll set my goals and achieve them all. 

Årets siste dag. Tid for refleksjon og planlegging. Og ein liten advarsel heilt til slutt for å avslutte dette året.

På torsdag skreiv eg om det å reflektere over året sitt. Det kan du lese om på Lene Alexandra´s blogg her. Etter gårsdagens innlegg vil eg avslutte 2016 med å takke og sjå framover. Eg vil takke alle som delte sine utfordringer med meg etter innlegget igår, og som lot seg inspirere av det eg skreiv. No har vi eit heilt nytt år foran oss. Vi er heldige. Ikkje veit vi kva dette året bringer, men vi kan likevel planlegge og sette mål om å bli bedre versjoner av oss sjølv.

img_0777

Når vi skal sette mål for det kommande året, er det viktig at vi setter av tid. Finn ut kva som er viktigst for deg. Det du svarer på dette spørsmålet vil vere dine verdier. Kva er viktigst for deg å gjere bedre i 2017? Er det barna dine som bør prioriterast? Bedre kvalitetstid med familien? Ønsker du å bli meir aktiv og ha trening som ein livsstil, istadenfor å sjå på det som eit tiltak? Vil du spise sunnare? Vil du bli meir positiv? Bli sterkare? Bli tøffare? Flinkare til å sette av private kvilepauser eller meir tid til andre?

IMG_8355 IMG_7746

Vi er alle forskjellige og ønsker ulike ting. Eg har som mål å utvikle meg som ein bedre leder i jobben min. Eg skal lese fleire bøker og utvikle min tankegang. Eg vil bli enda sterkare mentalt for å klare bikinifitnessreisa eg skal fortsette på. Eg treng og å bli sterkare i hodet for å klare tida etter bikinifitness. Eg vil bli sterkare og bygge meir muskelmasse, og har allerede satt opp kor mange kilo på stanga eg vil løfte i styrkeløft-øvelsane knebøy, benkpress og markløft. Eg har eit mål om ein viss sum i månedslønn, fordi det kun er min egen innsats som bestemmer min inntekt. Eg har mange fleire mål i forhold til min organisasjon og karriere. Eg vil hjelpe mange fleire til å kunne jobbe heimefra, for eg veit mange drømmer om dette. Eg ønsker bedre kvalitetstid saman med barna mine, og mindre skjermtid. Vi har allerede bytta vekk ein del skjermtid med brettspel i jula. Vi har heller ikkje tv-abbonnement, men vi har (litt for) mykje underhaldning i både Netflix og NRK-streaming. Eg ønsker at vi får reise på ferie saman i sommar, og at eg kvalifiserer meg til cruise for meg og min mann via jobben til hausten.

IMG_6903

Eg har 2 dagbøker for 2017. Ein Success Planner for jobben og ein Passion Planner for jobb/fitness/familie. Eg har allerede skrevet ned mykje i desse og har planene klare for meg. Gå og kjøp deg fine bøker du og for 2017, og sett deg ned og planlegg. Det er lov å drømme og det er lov å tenke stort. Be more than average og gjer noko meir for deg sjølv dette året.

Eg kjem meir tilbake om dette på mandagens innlegg på lenealexandra.com. Lene har allerede skrevet eit fint innlegg om dette her.


Ok. Så var det tid for advarsel. Eg har lært så mykje dette året. Mest om meg sjølv. Eg veit at eg kan vere rå på det eg ønsker, bare eg bestemmer meg. Klarer man ikkje å nå det punktet der man faktisk bestemmer seg, blir det vanskelig. Der har eg vore dei siste 3 månedane. Eg var så dedikert til å klare mine 6 måneder i bikinifitness-regime med TeamLA april-sept og eg gjorde det meget bra. Men eg klarte meg ikkje aleine i etterkant. Og det skreiv eg allerede om i starten av perioden. Og eg hadde grunn til bekymring. Det gjekk ikkje bra å vere aleine og eg kunne spise alt eg ville. For det er det eg har gjort. Det har gått over styr. Eg gjekk opp 8 (!) kg! Er det mulig?! Eg hadde ikkje lyst å avsløre dette, men eg trur det er viktig å få fram. Egentlig burde det få eit heilt eige blogginnlegg, men eg har mest lyst å legge det bak meg og gå vidare no. Så 8 av 15 kg er tilbake på denne kroppen, 2 av dei forsvant igjen dei 3 første vekene i desember, men no etter jula veit eg ikkje kva ståa er.

Aldri stå aleine etter ein bikinifitnessperiode, ein konkurranse eller kva det måtte vere. Ikkje om du ikkje 100% VEIT at du er sterk nok. Eg har lært av mine feil. Det finnast ikkje dårlege erfaringer, kun læringserfaringer. Dette skal eg ta med meg vidare, og eg er glad for leksa mi. Eg er heilt rått klar for eit nytt år, og å starte det med Helvetesveka er den beste starten eg kan tenke meg. Har du ikkje tatt den veka endå, bør du det. Google Erik Bertrand Larsen og Helvetesuka, så finn du det sikkert.

Så. Då setter eg strek for året som har gått. Eg kan avslutte med at det er bedre med ein «Ooops» enn ein «Kva om…?» Er dere ikkje einige?

NEW YEAR,

NEW FEELS,

NEW CHANCES.

SAME DREAMS,

FRESH START.

img_0775

Anita