KinderKake!!

Vi feira bursdag i helga, og då måtte vi til med ein ny, spennande kake. 7-åringen ønska seg Kinder-kake, og slik blei det!   

Mange har etterspurt oppskrift, og her kjem den!

 

1) Eg begynte fra bunnen, og jobba meg oppover. Eg starta med sukkerbrød.

Eg kjøpte ein ferdig kakebunn som allerede var skjært opp i 3 lag. Den nederste av dei bruker eg nederst i kaka. Men det går fint an å bruke andre bunner heilt nederst, for eksempel sjokoladekake, kjeksbunn eller liknande. Eg bruker Sprite til å halde sukkerbrødet/kakebunnen saftig. Då tømmer eg forsiktig nokre spiseskeier med Sprite over bunnen, så det får trekke inn, og då blir ikkje kaka så raskt tørr, om den blir ståande nokre dagar i kjøleskapet.

 

2) Smørkrem med melkesjokolade. 

Oppå den underste kakebunnen smørte eg smørkrem. Here is how:

INGREDIENSER SMØRKREM:

200 gram smør, romtemperert
500 gram melis
2 ts vaniljesukker

2 egg, romtemperert

200 gram melkesjokolade

FRAMGANGSMÅTE SMØRKREM:

Start med å piske opp romtemperert smør, melis og vaniljesukker. Pisk dette godt, eg bruker kjøkkenmaskin. Pisk i ca.5 min til det blir lyst og luftig. Tilsett så egg, eit om gongen. Bruk egg som har vore i romtemperatur ei stund. Pisk godt mellom kvart egg. Smelt melkesjokoladen. Eg har den i vanleg panne, men på lav varme. Då brenn den seg ikkje. Når den smelta sjokoladen har fått kjølt seg godt ned, helst til fingervarme, rør den godt inn i smørkremen. Då skal du ha fått ein nydelig smørkrem med lysebrun farge. Blir den for flytande, tilsett meir melis. Blir den for kompakt, tilsett 1 egg.

Litt av denne smørkremen smører du utover kakebunnen. Spar mykje, for du skal bruke meir av denne oppover i kaka.

 

3) Oppå første lag med smørkrem og kakebunnen, legg du på eit lag med deilig sjokoladekake. Du kan så klart og kun bruke sukkerbrød i ei slik kake, det er jo mykje enklare og. Godt blir det nok uansett 🙂

INGREDIENSER KAKEBUNN: 

1 liter (600 g) kveitemjøl

1 liter (900 g) sukker

3 ss Freia Bakekakao

2 ts natron

1 ts Freia Bakepulver

1 ts Freia Vaniljesukker

1 ts kanel (kan sløyfast)

1 liter skumma kulturmjølk

 

FRAMGANGSMÅTE BUNN:

Bland dei tørre ingrediensane i ein bolle. Tilsett kulturmjølka og rør det heile godt saman. Hell røra i ei smurt langpanne, bruk gjerne bakepapir. Steik kaka ved 200 grader i 25-30 minutt på midterste rille. Avkjøl kaka i forma på ei rist. Dette blir ei stor langpannekake. Eg fant fram ei ringform på størrelse med sukkerbrøda som eg også har i kaka, og brukte den til å skjære ut den runde bunnen. Proffe bakarar gjer det nok på ein heilt anna måte, men slik gjer altså eg det 😉 Då har eg også digg sjokoladekake til overs. For denne supersaftige langpannekaka er virkelig den beste sjokoladekaka eg veit. Om du vil sjå oppskrift frå langpannekaka med topping, titt innom HER.

 

4) Eg laga sjokolademousse og hadde det på som neste lag. Her kan du og bare bruke smørkrem om ønskelig, for å forenkle kaka. Sjokolademoussen hadde eg laga frå ferdig pulver (Daim sjokolademousse frå Freia), vispa det med mjølk, og latt det stivne i kjøleskapet i 1 time.

 

5) Deretter la eg på ny kakebunn/sukkerbrød,

 

6) som smørast med smørkrem.

 

7) Nytt sukkerbrød oppå der igjen,

 

8) som smørast med smørkrem. Eg smørte og inn sjokolademousse, men igjen, dette er ikkje eit krav, den blir kjempegod kun med smørkrem og. Smør smørkrem rundt heile kaka, nedover sidene og. No er vi klare for å dekke til kaka.

 

9) Kvit fondant/sukkerpasta (kjøpt på fargehandelen i Førde) kjevlast ut og leggast forsiktig oppå og nedover kaka. Brun fondant kjevlast, og skjærast ut i ein lang strimmel, som leggast forsiktig rundt heile kaka. Brun og kvit fondant som er til overs kan rullast til pølse, og flettast, og leggast rundt nederst.

 

10) Smelt litt sjokolade for å kunne feste kindersjokoladen på toppen av kaka. Litt smelta sjokolade gjer at pynten heng fast. Men mykje sjokolade kan og ligge laust. Pynt med kindersjokolade, dryss over, og legg litt ekstra sjokolader rundt om, så folk kan forsyne seg.

 

NYT! 🙂 

Om du vil sjå «Super Star Birthday Cake» med heimelaga mikrofon på toppen, som eg og min mann laga til jentungen sin bursdag med klassen, kikk innom HER.

 

Klem frå Anita