ALOE VERA OF AMERICA; part two

And then there is the most dangerous risk of all — The risk of spending your life not doing what you want on the bet that you can have a life to do it later.

 

Vi alle drøymer oss vel vekk til «bedre tider», «meir fritid enn gong langt der framme» og «bedre økonomi». Eg velger å leve no, samtidig som eg jobber for fleire opplevelser seinare. Eg våger ikkje å vente med å reise og oppleve, fordi vi har aldri noko garanti for kva som kan skje. Det er ein del av meg som bare må ut og oppleve, utforske og sjå nye stadar. Sjølv om eg elskar plassen eg bur på, er det likevel noko i meg som vil at eg skal reise meir. Det er så sant som det er sagt, sitatet eg høyrde for mange år sidan: «Livet er ei bok. Den som ikkje reiser, leser kun 1 side.»

I april var eg med selskapet mitt til Texas, USA. Om du vil lese om besøket vårt på plantasjen vår, ved grensa til Mexico, del 1 av reisa vår, les HER. Resten får du i dette innlegget 🙂

I tillegg til plantasjen var vi på fabrikken Aloe Vera of America, som er produsent for selskapet vårt. Her var det milevis med produkter, og hyggelige mennesker som tok oss godt imot.

Så lenge eg har jobba i FLP, har eg hatt lyst å sjå ein slik lastebil på nært hold. Når ein har ein forbindelse til noko, så er det jo så stas når det dukker opp. Akkurat slik som den raude Coca-Cola lastebilen med julenisse kvar jul? Den er jo så fin og gir meg skikkelig julestemning!

Utenom omvisninger på plantasje og fabrikk fekk vi vere med på matpakking til fattige land, fest og foredrag (blant anna DETTE som virkelig satte sine spor i meg), og så hadde vi eit par dagar heilt fri for planar, der vi var på shopping, gjekk turar rundt i byen og sola oss i det varme været.

Nye vennskap vart til, og samholdet på eit slikt event er ubeskrivelig. Det er her ein virkelig får følelsen av å vere med på noko stort, noko unikt og i eit fellesskap uten like.

****

Vi hadde til og med besøk av eit ekte, amerikansk gospelkor! Det var så gøy å få høyre dei. Det var nett som vi ser på amerikanske filmar, med kyrkjebesøk fullt i gladmusikk, glede og dans. Det har eg alltid misunt Amerika. At når vi først skal no i kyrkja, så kan det jo vere gøy samtidig.

Dagane i Dallas, Texas flaug avgårde, det er jo dessverre slik når ein har det kjekt. Men vi fekk oppleve så mykje og og er så takknemlige for alle minnene vi no har å sjå tilbake på. 

Tok oss ein kaffi på Starbucks medan vi venta på flyet Dallas-London.

Mykje lesing på lange flyreiser er eit veldig godt tidsfordriv. Det blei og ein del filmar, blant anna The Greatest Showman som er ein heilt nydelig, rørande film som alle burde sjå!

Fra London reiste vi vidare til Gardermoen, og vi kom så klart heim til regnvær. Men min fine nye løve fra Dallas syns det var heilt ok. Han får jo vere med å oppleve nye stader, og det er jo akkurat det vi likar så godt.

****

Vel heime igjen var det dags for planlegging på høgt nivå. Where to go next??

Om du vil lese meir om turane vi er med på gjennom Forever Living Products, kan du jo stikke innom Hellas-turen vår på luksusresort! Eg og min mann kunne ikkje bedt om ei meir eksepsjonell, luksuriøs bryllupsreise!! 🙂 Bare sjå HER.

 

Klem fra Anita