Eg søker deg som er overvektig og drittlei av å vere det!!

If you fall down you get back up on your feet. And try again. And again. Until you make it. Try again. This time with me 🙂

Eg har tenkt lenge på dette. Og no vil eg ikkje bare tenke på det lenger. No vil eg utføre. Som dere veit, dere som leser innlegga mine, veit nok at eg er utdanna personleg trenar, men at eg ikkje jobbar som det. Men eg har fått ein «calling» i livet, og det er å hjelpe andre. Eg vil hjelpe så mange eg kan, på eit eller anna vis. No har eg lyst å hjelpe nokon som er skikkelig drittlei av å vere der dei er, med å innføre nye og bedre vanar, lære seg matplanlegging, og det å spise nok. Ikkje bare via at eg deler innlegg på min Instagram eller her på bloggen, men med personleg oppfølging og veiledning over ein kort periode. Kanskje du har eit mål om å sjå stunning ut i julekjolen? Det har eg 🙂 Grunnen til at eg skriver at eg søker deg som er overvektig og drittlei, er fordi eg har sjølv vore der, og har personlig erfaring med akkurat dette, og kjenner meg igjen i utfordringane du sitter på.

Eg har sjølv vore gjennom utallige jojoslanking-periodar, og jobber endå med å komme meg dit eg er fornøgd. Eg har endelig funne nøkkelen til endring, og den vil eg hjelpe andre å finne og.

Eg søker dermed 10-20 mennesker i denne omgang som ønsker seriøse endringer og som er så lei av å vere der dei er at dere er villig til ein skikkelig innsats saman med meg. Du må vere villig til å følge mitt oppsett i 90 dagar. Det blir ein nesten heilt sukkerfri kostplan med hjelp til å lage maten i forkant. Her gjelder det å vite kva man går til, og gjere seg mentalt klar til ein sukkerfri periode med matboksar og heile pakka. Det er kun 3 månadar no før jul, og det kan alle klare bare man bestemmer seg for det. Eg har sjølv gjennomgått ein bikinifitness-diett med foodprep og kun rein mat over 6 månadar, og det ga meg store resultater. Vi kan spise MYKJE, bare det er reint, sukkerfritt og næringsrikt. Denne maten er meget mettande, så svolten blir man ikkje på det opplegget eg setter opp. Kveitemjøl og sukker forsvinner nesten heilt fra kosthaldet ditt, og det vil gjere deg meget godt.


Så er DU villig til å prøve noko nytt?

Mine kriterier er:

– At du er over 18 år

– At du har nokre kilo for mykje og føler deg trett av å bære rundt på desse

– At du følger det opplegget eg lagar til deg

– At du tar før- og etterbilder

– At du måler cm på kroppen før, undervegs og etter.

– At du bruker taggen @ptanitaveberg i dine Instagram-innlegg som omhandlar dette

– At du har facebook og at du tagger meg i dine facebook-innlegg som omhandlar dette og ellers i sosiale media


Dette vil vere mat familien din kan spise og. Kvifor skal dei spise kveitemjøl og sukker når det ikkje er bra for dei? No har du sjansen til å lære både deg og familien din sunnare vanar som dere kan ta med dere vidare. Dette er og så klart for dei utan barn eller sambuar.

Om du hatar å trene, så er det heilt ok. Det er ikkje fokus i dette kurset. Maten har mykje meir å seie i denne startfasen enn at du forvillar deg inn på eit treningsstudio du ikkje er komfortabel i det heile. Så vi startar med mat og sunne, kvardagslege vanar.

Eg er også veldig fan av personlig utvikling, det vil seie mental trening og positiv tankegang, så dette vil eg og hjelpe deg med.


Så kva vil du få ut av dette? 

– Du vil lære deg foodprep

– Du vil lære deg sunn mat

– Du får personlig coaching og veiledning av meg

– Du får lære meir om personlig utvikling og korleis tenke løysingar foran hindringar

– Du vil gå ned nokre kilo

– Du vil miste nokre cm i omkrets

– Du vil få bedre sjølvtillit

– Du vil føle deg bedre

– Du vil bli mindre oppblåst

– Du vil få finare hud

– Du vil mest sannsynlig sove bedre

Alt står og faller egentlig på deg, om du følger planen og rådene du får til punkt og prikke. 🙂


Så er du lei av dine usunne vaner, og ønsker å bli ein bedre deg, så er det einaste du treng å gjøre for å søke om å bli ein av dei 20 lærevillige er å sende meg ein epost til ptanitaveberg@hotmail.com med emne «Prosjekt overvektig og drittlei!«, så kjem eg til å velge ut maks 20 personer som vil få muligheten til å vere med på mine 90 dagars kostplan og livsstilsendring m/personlig veiledning. Så send meg ein mail, så sender eg deg endå meir informasjon om korleis vi skal gjere dette! 🙂

Del veldig gjerne dette innlegget med personar du trur ønsker dette, og del det gjerne i dine sosiale medier. Hjelp meg å hjelpe! 🙂

Følg meg gjerne vidare på Snapchat: Neeten og min IG: ptanitaveberg.

Der deler eg ofte maten eg spiser, aktivitet og kvardagen min.

See you SOON!